Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post

Tilskot til forsking i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut tilskot til  forsking og innovasjonsprosjekt som bidrar til langsiktig kompetansebygging ved forskingsinstitutta 2017-2019

Formål:

Midlane skal bidra til å utvikle forskingsmiljø av høg kvalitet og konkurransekraft.  

Vilkår:

  • Forskings- og innovasjonsprosjekta skal forsterke praksisnær forsking og bygge nasjonale og internasjonale nettverk
  • Forskingstema må vere forankra i institusjonen sine fagstrategiske planar og bidrar til å bygge ein unik kunnskapsbase i næringslivet
  • Prosjekta skal rettast mot forskingsområde som er viktige for regionen og vere i tråd med FoI-strategien for Møre og Romsdal.
  • I søknader som inkluderer PhD-stipendiatar må det stillast krav til at PhD-stipendiaten skal vere tilsett ved forskingsinstitusjonen og ha hovudtilhald ved denne.

FoI-strategien for Møre og Romsdal -

Midlane kan nyttast til:

  • Langsiktig fagleg kunnskapsbygging
  • PhD-kandidatar
  • Vitskapleg publisering 

Kven kan søke: 

Søkjar må ha hovudkontor og tilhøyrsle i Møre og Romsdal. Prosjekt som har tema som bidrar til tverrfagleg samarbeid på tvers av institusjonar i Møre og Romsdal blir tillagt vekt. 

Søknadsprosedyre

Det er løpande fristar, men det er regional- og næringsutvalet som tildeler midlane og første moglege dato for tildeling er 6. juni 2017. Tildeling i dette møtet gir følgjande fristar: 

  • 31. mars:  levere skisse til prosjekt til anna-marie.hatlestad@mrfylke.no
  • 14. april: fylkeskommunen gir svar på skisse
  • 12. mai: levere prosjektsøknad. Denne skal registrerast i regionalforvaltning. no
  • 6. juni vedtak i RN-utvalet

Skissa må innehalde kort presentasjon av målsetninga med prosjektet, budsjettanslag og kvar prosjektet er forankra

Neste moglege møte for vedtak i RN-utvalet er 5. september

Det er sett av 10 mill. kroner til denne ordninga i perioden 2017-2019

Kontaktperson:

Anna-Marie Hatlestad anna-marie.hatlestad@mrfylke.no, tlf 71 28 02 11/924 42 568