Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Vil støtte Stordal-prosjekt med 1,5 mill. kroner

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Vil støtte Stordal-prosjekt med 1,5 mill. kroner

Potten kan bidra til å utløyse over 100 nye arbeidsplassar i kommunen.

Med støtte frå fylkeskommunen, kan Vekst i Stordal utløyse over 100 arbeidsplassar.

Det er Fylkesrådmannen som foreslår å støtte ‘Vekst i Stordal’ med 1,5 mill. kr. Saka vil bli behandla politisk den 6. desember. Frå før har fylkeskommunen støtta omstillingsprosjektet med 5,5 mill kroner.

Viktig for regionen

- Prosjektet har utløyst stor utviklingsaktivitet i kommunen. Den tradisjonsrike møbelbygda har allereie fått mange nye arbeidsplassar, og kan no stå føre etableringar som vil få stor betydning. Fylkeskommunen bør bidra for å utløyse dette, seier Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter at fleire hjørnesteinsbedrifter la ned eller flagga ut etter 2010, rigga kommunen eit prosjekt for å skape ny vekst i lag med fylkeskommunen. Hittil er det notert 48 nye arbeidsplassar som eit resultat av innsatsen. Med tiltaka som no er på gang, ser det ut som målet om 75 nye arbeidsplassar snart er overskride.

Stor aktivitetet

- Vekst i Stordal har gått frå å vere eit omstillingsprosjekt for Stordal, til å bli eit viktig næringsutviklingsprosjekt for heile regionen, seier Ryste.

I saka heiter det at arbeidet går inn i ei avgjerande periode, der mykje må falle på plass for å utløyse arbeidsplassane som er skissert. Eit mål var å fylle tomme fabrikkbygg med ny aktivitet, men det kan bli trongt om plassen med all aktiviteten som er planlagt. Det vil krevje ein del omrokkering og smidig handtering frå Vekst i Stordal å få landa alt.

Innovativt

Eit av dei største utviklingsprosjekta er etableringa av Stordal Aquaproduksjon AS, der eigarane har planar om å investere om lag 400 mill. kroner i nytt smoltanlegg i Pedro- og Hellandbygga. Det blir også prøvd ut eit aquaponics-anlegg, som skal bruke næringsrikt vatn frå oppdrett til grønsaksproduksjon.

Innsektproduksjon

Ei anna nyskaping er etableringa av NorInsect AS som skal drive insektproduksjon. Insekt som råvare til dyrefor er allereie ein stor marknad, og insektsprotein som tilskot til menneske får stadig større merksemd. Det finst ingen industri for dette i Norge i dag, men Stordal har ein engasjert gründer, eigna lokalitetar og avfall frå næringsmiddelindustri som fôr.

Det fleire etableringar på veg, innovative tiltak innan næringsmiddel, møbelindustri og hytte/reiseliv.