Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Vil støtte nybrottsarbeid for kartlegging av livet i sjøen

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

Vil støtte nybrottsarbeid for kartlegging av livet i sjøen

Møre og Romsdal blir først i landet med nye kart og betre metodikk. 

Meir detaljerte kart skal gi oss kunnskap om marin biologi.

Nyleg  vedtok fylkespolitikarane å løyve 750 000 kroner til å kartlegge marin natur i Møre og Romsdal. Potten skal gå til eit pilotprosjekt som skal skaffe detaljerte kart over livet i sjøen og til  å utvikle ny metodikk.

- Med nye kart vil vi få meir kunnskap. Dette er viktig for å synleggjere viktige område for næringsutvikling og å auke kunnskapen om viktige naturverdiar, seier Håkon Slutaas, sakshandsamar på regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ny metodikk

Piloten er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Artsdatabanken.

Allereie i 2007 vart det sett i gang i eit nasjonalt program for kartlegging av marine ressursar. Møre og Romsdal er det siste fylket som blir kartlagt, og fylkeskommunen ønskjer å vere med på utvikling av ein ny og betre metode og eit nytt system for kartlegging av marin natur.

Satsar på havrommet

Området som er valt ut er sjøområda i kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Hareid på Søre Sunnmøre. Desse kommunane har utarbeida marine grunnkart med svært god oppløysing, i tillegg til at området har fått dispensasjon frå graderingsregimet frå forsvaret. Dette gjer området svært god egna til å utvikle nye metodar for kartlegging av livet i sjøen.

- Metoden for kartlegging av dei marine miljøa er ikkje god nok slik den er i dag. Det er aukande press og utbygging i strandsone og sjø, og vi treng meir kunnskap om livet i havet. Det er avgjerande når vi skal satse på havrommet og omstille oss til den blå økonomien, forvalte dei marine ressursane og planlegge kystsona på ein berekraftig måte, seier Slutaas.