Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Vindenergisenteret på Smøla kan vinne klimapris

Vindenergisenteret på Smøla kan vinne klimapris

Nasjonalt Vindenergisenter i Smøla vindpark er nominert til SPIR-prisen 2017.

Thomas Bjørdal og Pål Preede Revheim frå Nasjonalt vindsenter på Smøla. 

Onsdag 15. mars vert vinnaren av årets SPIR-pris kåra på Fornybarkonferansen i Bergen. Nasjonalt vindsenter på Smøla er ein av tre finalistar som kjempar om å nå opp.

SPIR er ein klimateknologi- og fornybarpris som blei delt ut første gang i 2013. For å vere med i konkurransen må deltakaren ha eit produkt, ei teneste eller ein teknologi som vil bidra til å fortrenge fossil energi, og som i tillegg har eit forretningspotensiale.

Det er Bergen Næringsråd, Norsk Klimastiftelse og PwC som står bak prisen. Vinnaren får fagleg kompetanse verdt 75 000 kr og 50 000 kr.

Energinøytral finalist

Nasjonalt Vindenergisenter er lokalisert i Smøla vindpark, og er eit av tre kompetansesenter for fornybar energi i Møre og Romsdal. Eigarar er Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordmøre Energiverk AS (NEAS) og Smøla kommune.

På Smøla har eit konsortium rundt Nasjonalt Vindenergisenter utvikla eit «Energinøytralt Oppdrettsanlegg». Det er eit konsept for klimanøytral energiforsyning av oppdrettsanlegg lokalisert langt frå kraftnettet. Slike anlegg vert i dag drive av dieselaggregat og eit typisk anlegg har årlege utslepp på rundt 250 tonn CO2. Ved hjelp av vindturbin, batteri og styringssystem er målet å redusere utsleppa med opptil 90 prosent. Neste steg er å sette opp eit pilotanlegg.