Nytt kulturhus på Aukra
Aukra kommune har vedteke å bygge nytt basseng og kulturhus i kommunesenteret Falkhytten.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Aukra kommune har vedteke å bygge nytt basseng og kulturhus i kommunesenteret Falkhytten.
Tysdag 17. juli er det klart for JazzGass 2012. I år vil vi sjå nærare på infrastrukturutviklinga på norsk sokkel, samt korleis legge til rette for auka utvinning og verdiskaping. Gassco, Petoro, Statoil og A/S Norske Shell er blant foredragshaldarane.
Kva er ein forretningsidé, korleis fungerer ein forretningsmodell? Og korleis kan forretningsplanen bidra til å nå dine mål? hoppid.no i Bølgen Næringshage i Kristiansund inviterer til workshop 4. juni. Yngve Dahle frå Viaduct vil leie workshopen.
Sykkylven kommune vil auke attraktiviteten til kommunen ved å gi sentrum eit løft. Ein litt utradisjonell arkitektkonkurranse er i gang, og bidraga skal vere klare innan 15. juli.
Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.
Workshop om tema ungdom og Europa går av stabelen torsdag 31. mai i Kristiansund.
Den regionale tettstadkonferansen 24. og 25. april vart ein suksess, trass i få deltakarar. -Ein av dei beste tettstadkonferansane, seier Kristin Omholt-Jensen, frå Miljøverndepartementet.
Denne veka opna Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, eit prosjekt som Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt støtte til. Frå leiaren i Regional- og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen, venta både blomster, bilde og lovord.
Regional- og næringsutvalet gjekk denne veka samrøystes inn for at kommunane Giske, Ålesund, Sula, Skodje, Ørskog og Molde får tildelt midlar frå kommunalt næringsfond, på lik linje med kommunane innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å at Prototypefondet blir fylt opp med kr. 200.000,- Ordninga gir studentbedrifter i Møre og Romsdal høve til å søkje om å få dekt kostnadane ved utvikling av prototypar.