Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheter > Aalesund International School tek inn elevar

Aalesund International School tek inn elevar

Aalesund International School har fått godkjenning Utdanningsdirektoratet til å drive undervisning. No tek dei inn elevar og førebur seg på skulestart til hausten.

Stian Nerland ved Aalesund International School ser fram til skulestart i haust.

Den internasjonale skolen i Ålesund kjem som eit resultat av foresightprosessen Sunnmøre i framtida, som Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med kommunane og næringslivet på Sunnmøre samt Sparebanken Møre står bak. Underveis i prosessen kom det fram at næringslivet på Sunnmøre har eit sterkt behov for ein internasjonal skole i Ålesundsområdet.

Skolen har no fått godkjenning frå Utdanningsdirektoratet etter privatskoleloven, og no står berre godkjenning av lærarane og undervisningsromma att.

Lovande
Stian Nerland ved skolen ser på engasjementet rundt tilbodet som lovande for framtida.
-Nokre elevar er allereie innskrivne, og i tillegg står 40-50 familiar på interesselista og enda fleire er på veg frå utlandet. Vi reknar med at det vil vere mellom 30 og 60 ved skulestart til hausten. Alle lærarane, bortsett frå norsklærar er på plass, ein kabal vi er godt nøgde med, seier Nerland.

Aalesund International School vil frå hausten 2012 ha eit tilbod til born mellom 1. og 7. klasse, og frå hausten 2013 frå 1. til 10. klasse. Undervisningslokala er i haust knytt til Larsgården skole, men frå neste år vil skolen få permanente lokale ved Nørvasund skole avdeling Gåseid.

Nettsida til skolen: www.aais.no

Contacts

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 25 81 78 /
Mob. 911 98 760
Send e-mail