Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheter > Får nasjonalt ansvar for overvaking av fjellskred

Får nasjonalt ansvar for overvaking av fjellskred

Åknes/Tafjord IKS beredskap på Stranda vert no nasjonalt, statleg senter for fjellskredovervaking. Eit viktig mål er nådd.

Frå overvakningsstasjonen i Romsdalen

Overvaking av fjellet Mannen i Romsdalen. Foto: Einar Anda.

Regjeringa har vedteke at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) frå 01.01.2013 skal overta fjellskredovervakinga i Noreg. Åknes/Tafjord Beredskap får det nasjonale ansvaret for den operative skredfaglege overvakinga.
- Eit viktig mål er nådd, seier geolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, Einar Anda.
- Vi har hatt fjellskred på dagsorden sidan 1996. Fjellskred er ein reell risiko i fylket vårt, men både dei faglege og dei økonomiske utfordringane meiner vi er for store for dei einskilde kommunane.  Derfor har eitt av måla med arbeidet vore å få staten til å ta eit større ansvar, seier han. 

Ustabile fjellsider 

Åknes/Tafjord IKS beredskap vart etablert i 2008 på Stranda for å overvake ustabile fjellsider med høg risiko i Storfjorden (Åknes og Hegguraksla) og seinare i Romsdalen (Mannen). Senteret er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune og åtte kommunar. Fredag 13. januar var eigarane av beredsskapssenteret og Nordnorsk Fjellovervåkning (Troms) i møte med olje- og energiminister Ola Borten Moe, der statleg overtaking av fjellskredovervakinga var tema. 
Teknisk drift vert utført av lokale sentre, så langt skjer dette i Troms.  Kommunane skal fortsatt ha ansvaret for den tilhøyrande beredskapen (varsling, evakueringsplanar med vidare).

Høgkompenanse arbeidsplassar

Einar Anda peiker også på ein viktig sekundær effekt av at beredsskapssenteret på Stranda no blir statleg.
- Vi har 11 personar og 10 årsverk knytt til senteret. Dette er statlege høgkompetansearbeidsplassar, og mykje tyder på at vi vil bli fleire, seier han. 

Kontaktpersonar

Einar Anda Einar Anda
geolog
71 25 80 22 /
Mob. 911 88 736
Send e-post