Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad. Møre og Romsdal fylkeskommune vil oppfordre alle kommunar og innbyggjarar å foreslå stader i Møre og Romsdal. 

Kvar er Noregs mest attraktive stad? Kom med dine framlegg!

Kvar er Noregs mest attraktive stad? Kom med dine framlegg!

- Fylkeskommunen har i fleire år i drive Tettstadprogrammet i samarbeid med kommunane. Dette har gjort at fleire av kommunesentra i fylket vårt har fått fokus på si stadutvikling og gjort store løft i opprustinga. Dette er nødvendig for å sikre kompetanse i dei stillingane næringslivet lokalt utviklar, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Stoltheit
- Det har skapt stoltheit i mange bygder og med god grunn! Næringslivet sjølv er ein viktig samarbeidspart i fleire av prosjekta i fylket. Denne prisen skal heidre dei som gjer det lille ekstra for å skape attraktive stader, og eg vil nesten bli overraska dersom nokon er betre enn oss i Møre og Romsdal på dette, seier fylkesordføraren. 

Førebilete
Formålet med kåringa er å framheve og heidre kommunar og/eller andre aktørar som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad for å bu, arbeide, drive næring og vitje. Kåringa skal bidra til å løfte fram førebilete som kan inspirere andre til innsats. Vinnaren får 250 000 kroner som skal gå til fortsatt utvikling av staden.

Prisen kan gis til ein kommune og/eller andre aktørar som har involvert offentlege, private og frivillige krefter til gjennomføring av tiltak som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprusting av staden. Opprustinga har teke vare på og vidareutvikla staden sin eigenart på ein nyskapande og berekraftig måte gjennom god utforming av fysiske omgjevnader. Tiltaka skal ha bidrege til å auke stadens attraktivitet og folk si oppleving av trivsel, tilhøyring og stoltheit for staden.

- Eg håper det kjem mange forslag frå Møre og Romsdal, og oppmodar både kommunar, verksemder, organisasjonar og innbyggjarar til å foreslå kandidatar. Det bør vere eit mål at vi får fram alle dei stadene som gjer at folk trivst med å bu her i fylket, seier fylkesordførar Jon Aasen. 

Juryen, som er leia av Erling Dokk Holm, tek imot forslag fram til 12. februar, og prisvinnaren kan vente seg besøk av kommunalminister Liv Signe Navarsete i juni.

Hos Distriktssenteret kan du lese meir om prisen og om korleis du melder på din kandidat

Kontaktpersonar

Arne Dag Gjærde Arne Dag Gjærde
Overingeniør
71 25 80 43 /
Mob. 913 35 536
Send e-post