Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Lyser ut 8 mill. i forskingsmidlar

Regionalt forskningsfond Midt-Norge (RFFMIDT) lyser ut 8 mill. kr. til forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor. Kommunane spelar ei sentral rolle i prosjekta og må vere merksame på desse midlane.

Utklipp frå www.regionaleforskningsfond.no

Utklipp frå www.regionaleforskningsfond.no

Det er to typar prosjekt det kan søkjast på; innovasjonsprosjekt i offentlig sektor og forprosjekt.

I utlysinga frå RFFMIDT heiter det at “Den norske velferdsmodellen står overfor demografiske og strukturelle utfordringer som krever at oppgavene i offentlig sektor må løses på nye måter. Som storleverandør av offentlige tjenester spiller kommunene en nøkkelrolle. Søknader som fokuserer på forskningsbasert innovasjon i kommuner vil bli prioritert. Forskningsprosjektene skal kunne frembringe ny kunnskap som kan tas i bruk i kommunene og forbedre offentlig sektor”.

Søknadsfrist er 18. april 2012

Søknadsskjema og meir informasjon om fondet finn du på RFFMIDT sine nettsider.

NB. Det skal haldast informasjonsmøte om utlysinga på nyåret. Dette blir annonsert seinare.

Kontaktpersonar

Gøril Groven Gøril Groven
Rådgivar
71 25 81 97 /
Mob. 413 01 048
Send e-post