Ønskjer forslag på kandidatar til Årets Bedrift 2011
Kven fortener utmerkinga “Fylkesprisen Årets Bedrift 2011”? Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer alle til å sende inn forslag innan 1. februar.
Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut “Fylkesprisen Årets Bedrift”. Prisen går til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til innsats for samfunnet. Vi oppmodar privatpersonar, kommunar, institusjonar, organisasjonar og media til å komme med innspel på bedrifter dei meiner fortener denne prisen.
Forslag leverast fortrinnsvis elektronisk på www.mrfylke.no, eller sendast til: Møre og Romsdal fylkeskommune, Regional- og næringsavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde.
Frist for innsending: 1. februar 2012
Prisen vert delt ut på Fylkestinget i april.
Kven kan bli nominert?
Kandidatar kan kome frå alle bransjar innan industri, handverk og service. Forslag til kandidat må grunngjevast, og ei kortfatta orientering om bedrifta må følgje med. Økonomi, personalpolitikk, bedriftsleiing, miljø, profil og internasjonalisering er døme på kva kandidatane blir vurderte på. Les meir om kriteria på www.mrfylke.no
I fjor gjekk prisen til Gjøco AS. “Bedrifta har utvikla seg frå å vere ei lokal familiebedrift med rotfeste på Nordmøre, til å bli den nest største malingsprodusenten i Norge med eksport til både Sverige og Danmark” heiter det juryen i si grunngjeving.
Oppdatert: 05.01.12
