Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheter > Samråd i Ålesund om ny Stortingsmelding

Samråd i Ålesund om ny Stortingsmelding

Tysdag 31. januar blir det samrådsmøte i Ålesund om Noreg som verdas fremste sjømatnasjon. Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til debatt.

Portrett av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

- Kva må sjømatnasjonen Noreg gjere for å vere på topp om 5-10 og 30 år, spør fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Ho vil ha innspel når ho kjem til Ålesund 31. januar. Foto: Scanpix / Fiskeri og kystdepartementet.

Regjeringa har starta arbeidet med å skrive ei ny stortingsmelding om Norge som verdens fremste sjømatnasjon. Hovudmålet for meldinga er å utvikle ein framtidsretta og heilskapleg politikk som kan bidra til å vidareutvikle sjømatnæringa si rolle som verdiskapar langs kysten.

Det er Møreforsking som på vegne av Fiskeri og kystdepartementet inviterer til samråd om den nye stortingsmeldinga.

Tysdag 31. januar kl. 11.15 - 14.00 på Atlanterhavsparken i Ålesund.

Møtet er ope for alle som er opptatt av at framtida kjem frå havet, og som ønskjer å dele tankar, idear og drøfte politikk med fiskeri- og kystministeren.

Påmelding på mail til marianne@mfaa.no innen 20. januar 2012.

Program:

Kontaktpersonar Møreforsking AS: Marianne Staurset 70 11 16 13 /  Roar Tobro 70 11 16 22.

Kontaktpersonar

Cecilie Flatnes Cecilie Flatnes
Rådgivar akvakultur
71 25 80 44 /
Mob. 988 05 290
Send e-post