Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Økonomisk støtte

Generelt om støtte

Vi kan støtte tilretteleggande tiltak (ikkje driftsstøtte). Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping er førande for bruken av desse midlane. Les meir om kvar av dei prioriterte områda i menyen til venstre. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere ein idé eller eit prosjekt før du sender søknad.

Vi kan normalt støtte inntil 50 prosent av dei samla kostnadane. 

Kven kan søke støtte? 

Kommunar, næringsmiljø og akademia kan søke støtte. Privatpersonar kan ikkje søke. Bedriftsretta søknadar skal rettast til hoppid.no (gründermidlar) eller Innovasjon Norge. 

Elektronisk søknad

Alle søknadar skal sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no. Har du spørsmål om søknadssystemet, ta kontakt med Kim Tornes. 

Søknadsfristar og behandlingstid 

  • Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn
  • Normal behandlingstid er tre månader
  • Søknader som skal til politisk behandling (beløp over kr 500 000), vil kunne ha noko lengre behandlingstid enn tre månader.

Utbetaling

  • Inntil 75 % av tilskotet kan utbetalast som delutbetaling. Faktiske utgifter må dokumenterast. Sjå tilskotsbrev for meir informasjon. 
  • Dei siste 25 % blir utbetalt når prosjektet er avslutta, og sluttrapport med revisorgodkjent rekneskap er godkjent.

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Kim Tornes
Rådgivar
71 28 03 45
Send e-post

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014