Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Økonomisk støtte > Søk støtte til lokal samfunnsutvikling i kommunane

Søk støtte til lokal samfunnsutvikling i kommunane

I 2017 er det sett av midlar til prosjekt som kan styrke kommunane sin kapasitet og kompetanse til å planlegge og gjennomføre lokalt utviklingsarbeid.

Vilkår: 

Prosjektet må ta utgangspunkt i lokale og regionale problemstillingar, men fylkeskommunen vil særleg prioritere følgande tema:

  • Kompetanseheving og utvikling av kunnskapsgrunnlag som gir betre kommunal og regional planlegging
  • Attraktivitet: Tilrettelegging for rekruttering av kompetent arbeidskraft
  • Utvikling av nye arbeidsplassar med utgangspunkt i lokale fortrinn
  • Styrking av regionalt samarbeid om samfunns- og næringsutvikling.

Utviklingsprosjekt gjennomført i samarbeid mellom kommune, frivillig sektor og næringsliv blir prioritert.

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av kostnadane i prosjektet.

Målgruppe: Alle kommunar i Møre og Romsdal. Distriktskommunane vil bli prioritert.

Søknadsfrist: Fortløpande

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no.

Støtteordninga heiter Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post