Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk støtte til næringsklynger

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å støtte opp under strategisk viktige prosjekt for klyngene som er med i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters. Vi kan også støtte forprosjekt for nye nettverks- og klyngeutviklingsprosjekt.

Vilkår:

  • Prosjekta frå eksisterande klynger må vere forankra i strategien/søknaden.
  • Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak, ikkje bedriftsstøtte.

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av kostnadane i prosjektet.

Målgruppe: Klyngene i Møre og Romsdal som er med i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters og nye miljø som ønskjer å etablere nye klyngeinitiativ.

Søknadsfrist: Fortløpande

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no.

Støtteordninga heiter Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Meir informasjon om korleis Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider med klyngeutvikling finn du i handlingsprogram verdiskaping, resultatmål 3 (sjå pdf til høgre).

Andre støtteordningar for klyngene
  • Innovasjon Norge har ulike verkemiddel som kan vere med å finansiere bedriftsretta utviklingsprosjekt. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på Innovasjon Norge sine nettsider
  • Virkemiddel for regional innovasjon (VRI). VRI Møre og Romsdal bidrar til kunnskapsbasert utvikling i næringslivet og offentleg sektor gjennom mellom anna å knytte kontakt mellom bedrift og forskarar, skape gode arenaer for læring og samarbeid og støtte forskingsprosjekt. For meir om verkemidlane sjå: http://vrimr.no/
  • Regionalt-forskningsfond Midt-Norge (RFFMidt). Regionale forskningsfond skal styrke forskning for regional innovasjon og utvikling ved å støtte opp under regionens prioriterte innsatsområder og mobilisere til auka FoU-innsats. Aktuelle utlysingar finn de på regionale forskningsfond sine nettsider.
  • Norges Forskningsråd. Forskningsrådet kan finansiere forskingsprosjekt for aktørar frå privat og offentleg sektor. Søkarar kan til dømes vere forskingsinstitusjonar, bedrifter med eigne forskingsprosjekter eller i samarbeid med forskingsinstitusjonar. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på www.forskningsradet.no

Kontaktpersonar

Øyvind Tveten Øyvind Tveten
Rådgivar
71 28 03 57 /
Mob. 922 12 429
Send e-post
Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 /
Mob. 924 42 568
Send e-post

Handlingsprogram verdiskaping 2016 - pdf