Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Økonomisk støtte > Søk støtte til omstilling av lokalt næringsliv

Søk støtte til omstilling av lokalt næringsliv

I 2016 er det sett av midlar til omstilling av lokalt næringsliv. Lokalsamfunn som i løpet av kort tid mister mange arbeidsplassar vil kunne få støtte til omstilling, der målet er å skape nye, varige arbeidsplassar lokalt.

Vilkår for støtte:

  • Tiltaket må utviklast saman med fylkeskommunen og Innovasjon Norge.
  • Eit omstillingsprosjekt skal forsterke, ikkje erstatte, ordinært utviklingsarbeid og virkemiddel.
  • Prosjektet skal vere på tvers av bransjar, og potensiale for ny vekst må vere til stades.
  • Tiltaket må vere forankra i det lokale næringslivet.

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av kostnadane i prosjektet.

Målgruppe: Kommunen og det lokale næringslivet

Søknadsfrist: fortløpande.

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no.

Støtteordninga heiter Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post