Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk støtte til tettstadutvikling

I 2016 er det sett av midlar til prosjekt som kan gjere kommunesentra i Møre og Romsdal meir attraktive.

Søk støtte til utviklingsprosessar, arkitektkonkurranser og fysiske investeringar i byrom

Vilkår:

  • Tiltaket må utviklast i samsvar med rikspolitiske føringar, (berekraft, universell utforming) og Møre og Romsdal fylkeskommune sine aktuelle planverk.
  • Tiltaket må både i prosess og i fysisk gjennomføring ha ein kvalitet som skil det frå ordinært kommunalt arbeid. Det inneber bruk av kompetanse i planlegging og prosjektering, involvering av aktørar i prosessarbeidet, kvalitet i arkitektoniske løysingar og materialval, og tilrettelegging for auka bruk av byrommet uavhengig av årstid og aldersgruppe.
  • Prosessarbeid kan støttast med inntil halvparten av kostnad. Fysiske investeringar kan støttast med inntil 1/3 av kostnad, der kommune og lokalt næringsliv må bidra med resten.

Målgruppe: Alle kommunar i Møre og Romsdal

Søknadsfrist: Fortløpande

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post