Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Økonomisk støtte > Tilskotsordning for næringshagar og inkubatorar

Tilskotsordning for næringshagar og inkubatorar

Næringshagane og inkubatorane har ein viktig funksjon med å hjelpe bedrifter og gründerar i sitt utviklingsarbeid. Fylkeskommunen støttar dei miljøa som deltar i næringshage- og inkubatorprogramma til SIVA.

Vilkår: Søkjarar må vere med i næringshage- og inkubatorprogramma til SIVA. Vi kan støtte inntil halvparten av den støtta som SIVA finansierer.

Målgruppe: Miljøa som deltar i næringshage- og inkubatorprogramma til SIVA.

Søknadsfrist: Fortløpande

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av kostnadane i prosjektet. 

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no.

Støtteordninga heiter Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Andre støtteordningar

  • Innovasjon Norge. Innovasjon Norge har ulike verkemiddel som kan vere med å finansiere bedriftsretta utviklingsprosjekt. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på Innovasjon Norge sine nettsider
  • VRI. Virkemiddel for regional innovasjon. VRI Møre og Romsdal bidrar til kunnskapsbasert utvikling i næringslivet og offentleg sektor gjennom mellom anna å knytte kontakt mellom bedrift og forskarar, skape gode arenaer for læring og samarbeid og støtte forskingsprosjekt. For meir om verkemidlane sjå: http://vrimr.no/
  • RFF. Regionalt-forskningsfond Midt-Norge. Regionale forskningsfond skal styrke forskning for regional innovasjon og utvikling ved å støtte opp under regionens prioriterte innsatsområder og mobilisere til auka FoU-innsats. Aktuelle utlysingar finn de på regionale forskningsfond sine nettsider.
  • Norges Forskningsråd. Forskningsrådet kan finansiere forskingsprosjekt for aktørar frå privat og offentleg sektor. Søkarar kan til dømes vere forskingsinstitusjonar, bedrifter med eigne forskingsprosjekter eller i samarbeid med forskingsinstitusjonar. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på www.forskningsradet.no
  • Fylkesmannen. Fylkesmannen forvaltar ordningar knytt til mellom anna bygdemobilisering, miljøtiltak i landbruket og utgreiings- og tilretteleggingsmidlar landbruket. Det er sett av inntil 0,9 millionar kroner for prosjekt som bygg opp under resultatmål 4. Det er sett av 0,7 millionar kroner til Bygdemobilisering og 0,2 millionar kroner til gründercampar vgs. Utlysing til gründermobilisering skal samordnast med fylkesmannen si utlysing for bygdemobilisering. Informasjon om korleis ein søkjer, tekniske krav til søknad, kva midlane kan dekke og ikkje, finn de på www.fylkesmannen.no