Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Økonomisk støtte > Tilskotsordning rekruttering og kompetanseheving landbruk

Tilskotsordning rekruttering og kompetanseheving landbruk

Møre og Romsdal fylkeskommune vil dele ut 600 000 kroner til tiltak som kan styrke rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Søknadsfristen er 01. november 2016.

I jordbruksavtalen er det sett av pengar til ei ordning som skal «bidra til rekruttering og kompetanseheving av næringsutøvere som kan ivareta og styrke verdiskapingen i landbruket regionalt». Fylkeskommunane forvaltar ordninga, og Møre og Romsdal fylkeskommune delte i juni 2016 ut til saman 1,2 millionar kroner til utviklingsprosjekt. Det står no att 600 000 kroner, og vi oppfordrar lag, organisasjonar, kommunar, kompetansemiljø med fleire til å søke.

Prioriterte område er:

  • Tiltak som aukar rekrutteringa til landbruks- og gartnarutdanning og til høgare utdanning i landbruksfag.
  • Tilskudd til kompetansehevande tiltak, og støtte til etter- og videreutdanningstilbod for næringsutøvarar i landbruket.
  • Formidling av ny kunnskap frå forsking (men reine forskingsprosjekt vil ikkje få støtte).

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av totalkostnaden. Eigeninnsats kan prisast til inntil 600 kroner per time.  

Søknad skal leverast på www.regionalforvaltning.no innan 01. november 2016.

Ta gjerne kontakt for å drøfte om eit prosjekt kan vere innafor.  

Vi gjer merksam på andre støtteordningar 

  • Innovasjon Norge har ulike verkemiddel som kan vere med å finansiere bedriftsretta utviklingsprosjekt. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på Innovasjon Norge sine nettsider
  • VRI (virkemiddel for regional innovasjon). VRI Møre og Romsdal bidrar til kunnskapsbasert utvikling i næringslivet og offentleg sektor gjennom mellom anna å knytte kontakt mellom bedrift og forskarar, skape gode arenaer for læring og samarbeid og støtte forskingsprosjekt. For meir om verkemidlane sjå: http://vrimr.no/
  • Regionalt-forskningsfond Midt-Norge (RFFMidt). Regionale forskningsfond skal styrke forskning for regional innovasjon og utvikling ved å støtte opp under regionens prioriterte innsatsområder og mobilisere til auka FoU-innsats. Aktuelle utlysingar finn de på regionale forskningsfond sine nettsider.
  • Norges Forskningsråd. Forskningsrådet kan finansiere forskingsprosjekt for aktørar frå privat og offentleg sektor. Søkarar kan til dømes vere forskingsinstitusjonar, bedrifter med eigne forskingsprosjekter eller i samarbeid med forskingsinstitusjonar. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på www.forskningsradet.no
  • Fylkesmannen. Fylkesmannen forvaltar ordningar knytt til mellom anna bygdemobilisering, miljøtiltak i landbruket og utgreiings- og tilretteleggingsmidlar landbruket. Det er sett av inntil 3,9 millionar kroner til utgreiings- og tilretteleggingsmidlar landbruket. Informasjon om korleis ein søkjer, tekniske krav til søknad, kva midlane kan dekke og ikkje, finn de her:

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post