Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tilskotsordningar forsking og innovasjon

Forsking, utvikling og innovasjon

Fylkeskommunen arbeider for å auke forskingsbasert innovasjon både i næringsliv og offentleg sektor.

Kva kan vi hjelpe med?

  • Rettleiing til bedrifter eller offentlege verksemder som ønsker å komme i gang med forsking, utvikling og innovasjon
  • Koordinere strategiarbeidet for forsking, utvikling og innovasjon i Møre og Romsdal

Midlar til forsking 

Møre og Romsdal høyrer til Regionalt forskningsfond Midt-Norge saman med dei to trøndelagsfylka. Fondet lyser årleg ut midlar som går til dei beste forskingsprosjekta. Bedrifter, offentlege verksemder og forskingsmiljø kan søke. 

Forskingsrådet har midlar som skal gå til forsking og utvikling for å auke konkurransekrafta i heile landet. Satsinga heiter FORREGION-programmet. 

Kven kan søke støtte frå FORREGION-programmet? 

  • SMB-bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal
  • Bedrifter med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling
  • Prosjekta må vere knytt til utvikling og bruk av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar»
  • I prosjektet må bedrifta eller kommunen samarbeide med ein godkjent forskingsinstitusjon

Prosjekta kan få støtte til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø med inntil kr. 200 000. Søkar må bidra med minst like mykje i eigeninnsats i form av eigne timar eller pengar. Desse midlane ikkje kan bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar.

Søknadsskjemaet finn du til venstre på denne sida. NB. Ta kontakt med ein kompetansemeklar før du startar søkeprosessen

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal:

Kontaktperson Institusjon Telefon
Øyvind Herse Møre og Romsdal fylkeskommune 913 64 886
Asgeir Hansen Vindel AS 928 44 288
Finn Amundsen Protomore Kunnskapspark AS 982 45 441
Trond Lervik ÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS 922 65 260
Bjørn Tafjord Høgskolen i Volda 993 64 801
Ola Jon Mork NTNU Ålesund (maritim) 916 70 577
Grete Hansen Aas NTNU Ålesund (marin) 926 83 378
Rigmor Einang Alnes NTNU Ålesund (helse) 930 83 505
Geir Svenning Høgskolen i Molde 992 706 38
Uladzimir Rubasheuski Møreforsking (logistikk) 907 07036 
Gøril Groven Møreforsking (kommune) 413 01 048
Wenche E. Larsen Møreforsking (marin) 917 80 817

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post
Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post