Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Korleis finn eg fram til saksbehandlar?

Kven kan søkje regionale utviklingsmidlar?

Svar: Det er først og fremst kommunar som kan søkje midlar direkte frå fylkeskommunen. Privatpersonar og enkeltbedrifter kan normalt ikkje søkje. Desse kan ta kontak med sitt lokale hoppid.no-kontor (gründersatsinga) eller Innovasjon Norge.

Kva prosjekt kan eg søkje støtte til?

Svar: Du kan søkje støtte til utviklingsprosjekt som svarar til dei aktuelle satsingsområda i Fylkesplan og Handlingsprogram Verdiskaping. Vi har fokus på samfunnsutvikling i kommunane.

Innanfor spesielt viktige områder vil det i tillegg bli lyst ut midlar. Dette blir gjort kjent gjennom brev til kommunane og gjennom media. sjå også menypunkt Økonomisk støtte.

Kva kan kan eg få hjelp til når eg skal søkje støtte?

Svar: Du kan få rettleiing av ein saksbehandlar med kompetanse innan prosessarbeid. Han/ho kan rettleia om alle aktuelle regionale støtteordningar.
Du kan og be om møte med saksbehandlar for å diskutere ein prosjektide. Fylkeskommunen kan bistå med prosesskompetanse.
Ta gjerne kontakt med oss, ring vårt sentralbord 71 25 81 80.

Når kan eg forvente svar på søknaden min?

Svar: Etter at vi har fått søknaden din, skal du innan tre veker få brev frå oss der det står kven som er din saksbehandlar og forventa behandlingstid. Saker skal normalt behandlast innan tre månader. Saker som skal behandlast politisk, kan ta lengre tid.

Eg har fått innvilga støtte til eit prosjekt, når kan eg forvente utbetaling?

Svar: Økonomisk støtte blir utbetalt etter at vi har fått dokumentasjon på faktiske utgifter. Krav til dokumentasjon står nærare forklart i tilskottsbrevet. Når vi har fått dokumentasjon, sender vi melding til økonomiavdelinga om utbetaling.

Når er det møte i Regional- og næringsutvalet?

Møtekalender for utvalet