Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Strategiar og planar

Kompetanse og verdiskaping 2017-2020

Hovudmål: 

  1. Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar
  2. Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv
  3. Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø
  4. Møre og Romsdal skal ha eit fleksibelt utdanningssystem som møter utfordringane i arbeidslivet og fører til verdiskaping, nytenking og inkludering
  5. Møre og Romsdal skal ha betre gjennomføring i vidaregåande opplæring
  6. Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane

Hovudmåla blir følgt opp gjennom årlege handlingsprogram.  

Forskings- og innovasjonsstrategi 2016-2020

Møre og Romsdal er inne i ei tid med omstilling. For å møte utfordringane som næringslivet står overfor, er det utarbeidd ein forskings- og innovasjonsstrategi. Strategien er utforma med bruk av metoden for «Smart Spesialisering» der samspelet mellom næringslivet, forskingsmiljøa og verkemiddelapparatet er sentralt. Strategidokumentet peikar på kvar vi må rette innsatsen for å sikre eit konkurransedyktig næringsliv i framtida. Implementering av strategien skjer gjennom hanlingsprogram for verdiskaping og kompetanse.

Internasjonal strategi 2017-2020

Det internasjonale arbeidet skal skal bidra til å oppnå måla i fylkesplanen. I dette arbeidet kan fylkeskommunen ta i bruk fleire verktøy:

  • Aktiv bruk av medlemskap i internasjonale organisasjonar
  • Deltaking i EU-/EØS-program og –prosjekt
  • Pådrivar i EU-nettverket Horisont 2020 Nordvest
  • Nytte medlemskapet i Vest-Norges Brusselkontor
  • Deltaking i internasjonale faglege nettverk og plattformer

Regional delplan for klima og energi 2017-2020

Hovudmål: 

  • Klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal reduserast med meir enn 10 % innan 2020, i forhold til utsleppa i 2009.
  • Summen av ny fornybar energi, energieffektivisering og energiomlegging skal tilsvare minst 2 TWh elektrisitet.
  • Innan 2020 skal det vere gjennomført minst fem konkrete tiltak i kvar kommune i fylket for å betre miljøet og redusere klimagassutslepp.

Regional delplan for attraktive byar og tettstadar

Regional delplan for attraktive byar og tettstader skal legge til rette for ei framtidsretta utvikling av Møre og Romsdal fylke gjennom å fremme berekraftig by og tettstadsutvikling og styrke samordna bustad-, areal- og transportplanlegging i og mellom kommunane.

Cruisestrategi for Vestlandet