Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Breiband

Breiband

Målsettinga om breibandtilbod til alle er i ferd med å bli nådd i Møre og Romsdal. Sidan 2006 er nærare 90 mill kroner investert. Om lag halve summen er løyvd frå Kommunal og regionaldepartementet og Høykom prosjektet, og administrert av Regional- og næringsavdelinga i fylket. Utbyggarane og kommunane har dekt resten av investeringane. Pågåande prosjekt skal avsluttast i 2010. Det er framleis midlar til nye prosjekt der det ikkje er tilfredstillande breibanddekning.


Nye midlar til breibandsutbygging i kommunane

KRD har løyvd 10 millionar kroner til nye breibandsprosjekt i fylket. Midlane vert fordelt Møre og Romsdal fylkeskommune etter søknad frå kommunane. Midlane kan kun nyttast i kommunar innanfor virkeområde II-IV for dei distriktspolitiske virkemidlane.
Frist for innmelding av nye prosjekt er 1. september 2010.

Les meir

Stor interesse for breibandutbygging i Møre og Romsdal

Kommunal og regionaldepartementet (KRD) løyvde 10 millionar kroner til utbygging av breiband i Møre og Romsdal i 2010. Det er motteke søknader med totale utbyggingskostnader på omlag 40 millionar kroner. Dette viser at behovet og interessa for utbygging og forsterking av breibandinfrastruktur i distriktskommunane i fylket framleis er stor.

Les meir

Kontaktpersonar

Roar Neergaard Roar Neergaard
Gruppeleiar-seksjonsleiar
71 25 80 34 /
Mob. 472 63 068
Send e-post

Dokument