Stor interesse for breibandutbygging i Møre og Romsdal
Kommunal og regionaldepartementet (KRD) løyvde 10 millionar kroner til utbygging av breiband i Møre og Romsdal i 2010. Det er motteke søknader med totale utbyggingskostnader på omlag 40 millionar kroner. Dette viser at behovet og interessa for utbygging og forsterking av breibandinfrastruktur i distriktskommunane i fylket framleis er stor.
Eit stort fleirtal av distriktskommunane i Møre og Romsdal har over fleire år engasjert seg aktivt i arbeidet med å forbetre breibanddekninga og kapasitet på breibandstilbodet til innbyggar og næringsliv. Sidan ein starta med øyremerka tilskot i 2006, er det gjennom ulike former for spleiselag blitt bygd ut ny infrastruktur for om lag 110 millionar, og utbetalt tilskot på 44 millionar kroner. Stipulert dekningsgrad for breibandstilbod er auka frå ca. 85 % til nærare 99 % dekning.
I starten vart det nytta midlar til etablering av radiobaserte breibandløysingar, men som ein følgje av auka krav til bandbreidde og stabilitet, har det dei to siste åra i hovudsak vore investert i fiberprosjekt.
For 2010 vart det løyvd 10 millionar kroner frå Kommunal og regionaldepartementet (KRD) til vidare utbygging i Møre og Romsdal. Etter ein utlysningsrunde er det motteke søknader frå kommunar om tilskot til utbyggingsprosjekt med ei total ramme på vel 40 millionar kroner. Dette viser at kommunane framleis ønskjer å engasjere seg aktivt, men ein avgrensa tilskotspott kan føre til at fleire av utbyggingsplanane ikkje blir sett i verk.
Kontaktpersonar:
Roy Ødegård (prosjektansvarlig Møre og Romsdal fylkeskommune)
Telefon: 71 25 80 00
Nils Erik Pettersen (prosjektleiar Bredbånd Nordvest)
Telefon: 918 85 567
e-mail: nils@tensa.no
Oppdatert: 13.09.10