Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tettstadprogrammet

Tettstadprogrammet

Eit kommunesentrum er knutepunktet både når det gjeld handel og tenesteyting. Her finn du kultur- og underhaldingstilboda og dei viktigaste offentlege bygningane slik som rådhus, kulturhus og kyrkje. Den opprinnelege tettstaden bygde seg oftast opp rundt knutepunktet for kommunikasjon, slik som rundt utløpet til ei elv eller ei hamn.
Dei siste tiåra har bilen fått ein sentral plass i samfunnet, og mykje av planlegginga av tettstadene har prioritert vegar og parkering. Mange tettstader har forvitra i det utbyggingar blir spreidd og mykje av handelen flytta til kjøpesenter utanfor kommunen.
Vi ønskjer å medverke til at kommunane aukar kvaliteten i dei fysiske omgivelsane i tettstadene i fylket og stimulere til utvikling av livskraftige og berekraftige kommunesentra.


Konkurranse om beste byrom i Møre og Romsdal i 2012

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til konkurranse om beste byrom i Møre og Romsdal i 2012, med fokus på universell utforming. Premien er på kr. 100.000,-.

Les meir

Nytt kulturhus på Aukra

Aukra kommune har vedteke å bygge nytt basseng og kulturhus i kommunesenteret Falkhytten.

Les meir

Sentrumsløft i Sykkylven

Sykkylven kommune vil auke attraktiviteten til kommunen ved å gi sentrum eit løft. Ein litt utradisjonell arkitektkonkurranse er i gang, og bidraga skal vere klare innan 15. juli.

Les meir

Vellukka tettstadkonferanse

Den regionale tettstadkonferansen 24. og 25. april vart ein suksess, trass i få deltakarar. -Ein av dei beste tettstadkonferansane, seier Kristin Omholt-Jensen, frå Miljøverndepartementet.

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad. Møre og Romsdal fylkeskommune vil oppfordre alle kommunar og innbyggjarar å foreslå stader i Møre og Romsdal. 

Les meir

Contacts

Arne Dag Gjærde Arne Dag Gjærde
Overingeniør
71 25 80 43 /
Mob. 913 35 536
Send e-mail
Ingerd Husøy Høknes
Arkitekt
71 25 80 36 /
Mob. 928 59 769
Send e-mail