Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Eig din eigen idé

Ein unik idé er ein verdi du bør passe godt på. Å beskytte eit varemerke eller design er god investering. Patentstyret inviterer til Grunnkurs i industrielle rettigheter, 13. og 14. mars på Rica Seilet, Molde. NB. KURSET ER AVLYST

Stokkes barnevogn xplory rød

Stokke® er i følge Sommer Midttun "best i klassen" i å verne om sitt eige design. Stokke® Xplory® design: Bjørn Refsum / Hilde Angelfoss

Undersøkingar gjort på haldningar viser at nordmenn er blant dei dårlegaste i Europa til å beskytte verdiane sine. Kvifor det er slik har ikkje prosjektleiar Kaja Sommer Midttun noko klart svar på, men kanskje er vi generelt litt naive her i Noreg og trur ikkje nokon stel ideane våre?
- Mange trur også at det er tungvint å søkje varemerke- eller designvern, at det er vanskeleg og mykje papirarbeid. Dei vel å hoppe bukk over problemstillinga og heller håpe det beste.
Men kvifor er det viktig, og kven er det viktig for?
- Det er viktig fordi du får ein beviseleg rett på at du eig oppfinninga di eller designen din. Du kan beskytte både oppfinningar, namn på produkt eller på ei verksemd. Du kan ikkje beskytte korleis noko fungerer, men utsjånaden.
Send søknad før du viser fram produktet
Sommer Midttun seier at det er ein dårleg idé å vise fram produktet sitt i lokalavisa før du har søkt om vern.
- Er det først publisert, får du ikkje patent. Men du treng ikkje å vente til søknaden er ferdig behandla, det er nok å ha sendt den, seier ho.
I løpet av kurset vil også internasjonale patentsøknadssystem bli tatt opp. Det er mellom anna lurt å søkje patent i det landet produksjon skal skje.

Kurset er aktuelt både for folk som nettopp har starta bedrift, og for dei som allereie er i gang. Sommer Midttun seier også at dette er kunnskap som også advokatar ofte treng meir kunnskap om.

Sjå hoppid.no kalender for meir informasjon: http://mrfylke.no/Kalender/Kalender-hoppid.no/Grunnkurs-i-industrielle-rettigheter

Kontaktperson er Kaja Sommer Midttun, Patentstyret, tlf  22 38 73 18 / 95 90 84 49 / kmi@patentstyret.no

Frist for påmelding er 7. mars.