Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Ein million til gründermobilisering

Årets gründerutlysing skal bidra til å fange opp gode idear og styrke samarbeidet mellom gründerhjelparar i og rundt hoppid.no. 

Hoppande glade for gründermobilisering!

hoppid.no lyser no ut ein million kroner og inviterer hoppid.no-kommunar, landbrukskontor, kunnskapsparkar, næringshagar, høgskular og universitet til å samarbeide om prosjekt som skal stimulere til gode forretningsidear og bedriftsetableringar.

Bidra til vekst

Tiltaka må vere direkte retta mot gründerar og bidra til å gjere hoppid.no meir synleg for den som ønskjer å starte bedrift. Prosjekta skal også styrke samarbeidet mellom gründerar, næringsliv, høgare utdanning og hjelpeapparatet, på tvers av kommunane.

- Korleis kan vi greie å fange fleire gode idear? Og korleis kan hoppid.no-kontora i kommunane samarbeide om å følgje opp gründerane sine på ein endå betre måte? Vi vonar utlysinga kan stimulere til prosjekt som svarar på desse spørsmåla, seier May-Britt Roald, programleiar for hoppid.no.

Koblingsboks

Gjennom gründermobiliseringa i år ønskjer ho ei endå tettare kobling mellom ulike gründerhjelparar, slik at ‘økosystemet’ rundt gründerane vert styrka.

-  Tanken bak hoppid.no er at gründeren bare skal trenge å opne ei dør for å nå tak i hjelpa dei treng, som nettverk, kapital, kompetanse og rettleiing, seier Roald.

Andre mål for utlysinga er fleire nye arbeidsplassar og auka aktivitet som bidreg til fleire inkubator- og næringshagebedrifter. Nye metodar for deling og tilgang på ressursar er viktig. 

Festivalar

I fjor vart det arrangert både små og store arrangement og aktivitetar kring i fylket, til dømes Nyskapingsdag på Søre Sunnmøre, festival for kreative næringar i Ålesund og Horisont Nordmøre om smarte byar.

Startplass

hoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Nesten kvar kommune har hoppid.no-kontor som tilbyr rettleiing, kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging.

Gründerhjelpa er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Søk her.

Frist for søknad er 2. mai 2017

Kontaktperson er May-Britt Roald, tlf. 46696382