Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Fortsatt auke i nyetableringar

Etter all-time high i 2015, er det framleis stor etableringsiver i fylket. 

May-Britt Roald, leiar av hoppid.no

I følgje tal frå SSB, er det ei auke i nyetablerte bedrifter på 4,5 % i Møre og Romsdal.

Omstillingsiver

May-Britt Roald, leiar av gründerhjelpa hoppid.no, meiner auken har klar samanheng med nedgangen i oljeindustrien.

- Det er positivt å sjå at folk ser moglegheiter i nedgangstider og at dei omstiller seg. Mange av dei vi møter, har hatt tankar og idear om å starte for seg sjølv i fleire år. No er tidspunktet rett for å realisere draumen om å etablere eiga bedrift, seier Roald.

Tala er henta frå SSB, men er korrigert for namne- og eigarskifte.

Stor pågang

Etableringsiveren det siste året har vore merkbar for hoppid.no, som er ei gründerteneste i samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunen og Innovasjon Norge. Mange hoppid.no-kontor har opplevd at stadig fleire gründerar kjem innom kontoret for å spørje om råd. 

- Vi har hatt stor pågang frå folk som treng å diskutere forretningsidane sine, og vi har dobla deltakartalet på kursa våre fleire stadar. I tillegg har vi hatt stor breidde og mangfald blant deltakarane, og langt fleire menn ogingeniørar enn tidligare, seier Roald.

Både i 2015 og 2016 har fylkeskommunen løyvd midlar til gründeraktivitetar ute i kommunane, som til dømes Innovasjonsfestivalen i Rauma, Nyskapingsdagen på Sunnmøre og Horisont Nordmøre. Målet har vore å fange og støtte opp om gode forretningsidear.

Nyetableringar, unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene
           
  2014 2015 2016 Endring 2015-2016
  Foretak Foretak Foretak Tal Prosent
1502 Molde 205 238 263 25  
1504 Ålesund 425 440 483 43  
1505 Kristiansund 169 238 227 -11  
1511 Vanylven 15 27 22 -5  
1514 Sande 21 18 9 -9  
1515 Herøy  68 76 77 1  
1516 Ulstein 53 77 85 8  
1517 Hareid 26 38 40 2  
1519 Volda 64 78 70 -8  
1520 Ørsta 60 69 84 15  
1523 Ørskog 22 24 16 -8  
1524 Norddal 13 15 21 6  
1525 Stranda 32 39 41 2  
1526 Stordal 9 9 12 3  
1528 Sykkylven 63 48 51 3  
1529 Skodje 32 32 44 12  
1531 Sula 65 70 71 1  
1532 Giske 49 60 57 -3  
1534 Haram 58 53 56 3  
1535 Vestnes 58 44 62 18  
1539 Rauma 43 54 68 14  
1543 Nesset 24 22 16 -6  
1545 Midsund 10 6 8 2  
1546 Sandøy 10 5 7 2  
1547 Aukra 21 28 21 -7  
1548 Fræna 73 57 77 20  
1551 Eide 25 23 26 3  
1554 Averøy 34 56 43 -13  
1557 Gjemnes 21 17 19 2  
1560 Tingvoll 12 20 22 2  
1563 Sunndal 48 44 41 -3  
1566 Surnadal 38 54 38 -16  
1567 Rindal 14 8 4 -4  
1571 Halsa 4 13 10 -3  
1573 Smøla 23 14 19 5  
1576 Aure 14 28 28 0  
Møre og Romsdal 1921 2142 2238 96 4,5