Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > hoppid.no > Nyheiter > Fræna til topps i romsdalsfinale i Gründercamp 2011

Fræna til topps i romsdalsfinale i Gründercamp 2011

Runar, Edvin,Torstein, Malin,og Marie frå Fræna ungdomsskole vann romsdalsfinalen i årets Gründercamp på fredag.

Elevane frå Fræna vart årets gründercamp vinnar med ei løysing på problemet med å frakte stolpar som er for lange for lastebilar. Oppgåva var gitt av Gammelsæter Maskin, og gruppa fekk mykje skryt av juryen for måten de hadde løyst oppgåva på. Her var det både nytenking, kreativitet og ikkje minst eit prosjekt som kunden har teke i bruk.

På andreplass kom Molde og Bergmo ungdomsskole for si marknadsføring av innlegssålar frå Skåla Helse og Trim. Rauma og Åndalsnes ungdomsskole endte på tredjeplass med sin kreative dobbelseng -puff løysing utvikla for Westnofa AS.

Det er andre gong det vert arrangert romsdalsfinale i Gründercamp.  I  år var var alle Romsdals kommunane representert med ni finalistar. 250 elevar frå Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Nesset, Midsund, Molde , Rauma og Vestnes har jobba i tre til fem dagar med reelle problemstillingar for ulike lokale bedrifter. I finalen var det svert mye kreativitet og smarte lysingar som vart presentert av dei ni finalistane.  

Les meir om gründercamp finalen på Romsdals Budstikke si nettside:
http://www.rbnett.no/lokal/molde/article343175.ece

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 25 80 53
Send e-post
Kirsten Aure Kirsten Aure
Rådgivar
71 25 80 58 /
Mob. 977 33 156
Send e-post