Søk midlar til styrking av gründerfylket Møre og Romsdal
For å nå målet om fleire og betre nyetableringar søkjer fylkeskommunen etter prosjekt som kan fremje innovasjon og gründerånd i Møre og Romsdal.
I fylkesplanen for Møre og Romsdal 2009-2012 er verdiskaping eit av satsingsområda. Handlingsprogram for verdiskaping i Møre og Romsdal inneheld 14 resultatmål. Eit av desse er auka innovasjonstakt og fleire nyetableringar med auka overlevingsgrad.
Fylkeskommunen skal legge til rette for at både nyetableraren, og dei etablerte bedriftene med nye idèar, får fagleg og finansiell støtte og kan utvikle seg i eit gründervenleg miljø. Vi skal også skape merksemd om, og aksept for, etableraren og nyskaparen i samfunnet – Møre og Romsdal skal vere eit gründerfylke!
Regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen søkjer no etter dei gode prosjekta som kan hjelpe oss å styrke gründerfylket. Vi utfordrar kommunar, næringsforeningar, bransjeorganisasjonar, og andre som jobbar med næringsutvikling om å søkje støtte til prosjekt innan:
- Mobilisering av lokale etablerarar
- Utvikling av lokale mentorordningar
- Samarbeid skule og næringsliv
- Møteplassar mellom nyetablerarar og lokalt næringsliv
- Knoppskyting (utvikling av nye idèar frå etablert næringsliv)
Vi ser særleg etter prosjekt som satsar på kvinner, unge eller innvandarar. Prosjekta bør bygge vidare på den heilskaplege satsinga på entreprenørskap i Møre og Romsdal – hoppid.no
Bruk vårt elektroniske søknadsskjema og søk innan 01. oktober 2011.
Søknadane vil bli behandla etter retningslinene for midlar til regional utvikling, kap. 551, post 60 i Statsbudsjettet. Svar kan ventast innan utgangen av 2011.
Det kan ikkje søkjast støtte til enkeltetableringar eller prosjekt som rettar seg mot ei eksklusiv gruppe bedrifter. Slike søknader skal rettast til Innovasjon Norge.
Oppdatert: 08.08.11

