hoppid.no opnar kontor i Sykkylven
Mandag 12 september opnar hoppid.no kontor i Sykkylven.
- Eit godt tilbod til gründerar, seier dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS, Harald Espeland.
- Det er mange i Sykkylven som leiker med tanken på å etablere virksomheit. No får vi endeleg eit godt og strukturert førstelinjetilbod, seier Espeland.
Det er Sykkylven Næringsutvikling, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune som har gått saman om å opne hoppid.no-kontor i Sykkylven.
- I Sykkylven har vi ein strategi for å posisjonere oss som kommunen for skaparglede. Hoppid.no-kontoret er ei vidareføring av denne strategien, og vi har stor tru på satsinga, seier Espeland. Espeland vil vere daglig leiar og rådgivar. I tillegg vil Grethe Loland vere tilstades på kontoret, for å drive med tilrettelegging av ulike aktivitetar og kurs.
Det er, i følge Espeland, mange gode idear i omløp og fleire som har lyst å skape sin eigen arbeidsplass.
- Gjennom hoppid.no-kontoret vil vi kunne bidra til å skape nye, bærekraftige bedrifter i Sykkylven og vere formidlar av eit nyttig kontaktnett, seier han.
hoppid.no-kontoret ligg i Sykkylven Næringsutvikling AS sine lokaler.
Følg Sykkylven næringsutvikling AS på facebook
Oppdatert: 09.09.11

