Om hoppid.no
Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge står bak hoppid.no.
hoppid.no er eit 4-årig program for entreprenørskap, med ei årleg økonomisk ramme på om lag fem millionar kroner.
Hovudmålet er fleire og betre etableringar, og vi satsar breitt for å auke tilfang og mangfald - og samstundes vil vi ha ei satsing på kvalitet og vekst.
Gjennom entreprenørskapsprogrammet hoppi.no ønskjer vi å satse både på breidde og kvalitet. For å fevne dette, har hoppid.no fem delprosjekt det vert arbeida inn mot:
- Etableraropplæring (kursverksemd) og etablerarrettleiing ( hoppid.no-kontor ute i kommunane.
- Entreprenørskap i utdanning (forankring av entreprenørskap som opplæringsstrategi frå grunnskule til høgskule)
- Topp/vekst etablerarar (Følgje opp etablerarar med internasjonalt potensiale med tiltak, slik at desse blir i stand til å lukkast på ein internasjonal marknad).
- Knoppskyting (utnytte kompetansen i etablert næringsliv til nyskaping og auka innovasjon).
- Bygdemobilisering (setje i gang og følgje opp positive utviklingsprosessar i bygdene).
Kontaktpersonar
Presentasjon av hoppid.no
Sjå vedlagte presentasjon om:
Historie, prosess og fokus
for hoppid.no prosjektet
NIFU/STEP Arbeidsnotat 33/2005
Entreprenørskap i Møre og Romsdal
