Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > hoppid.no > Publikasjonar > Kva er næringslivets oppfatning av kommunen som nærings-, service- og bustadsutviklar?

Kva er næringslivets oppfatning av kommunen som nærings-, service- og bustadsutviklar?

Dette er kjernen i spørjeundersøkinga som nær 600 bedrifter i Møre og Romsdal har svart på. Prosjektet vart nyleg gjennomført av studentar ved studiet Innovasjon og Entreprenørskap ved Høgskolen i Ålesund og Øyvind Herse i Herse Consulting i samarbeid med Møre og Romsdal fylke.

Denne undersøkinga hadde to målsettingar. Først og fremst er dette nyttig informasjon for det administrative og politiske miljøa lokalt og på fylkesnivå. I tillegg gav det studentane kjennskap til næringslivet i fylket gjennom besøk og intervju med enkeltbedrifter.

Kommunen bør ha større fokus på næringsutviklingHeile 70 % av bedriftene svarer at kommunen er svært viktig eller ganske viktig for at dei skal lykkast. Dette er eit godt utganspunkt for målretta jobbing for å få full utteljing av potensialet som ligg i eit tettare samarbeid. Nettverk - ein viktig lokaliseringsfaktorSpørsmål knytt til viktige lokaliseringsfaktorar og grad av tilfredsheit med desse, viser at forventningane ikkje er innfridd på mange viktige faktorar. Fleire av desse kan ein i liten grad påverke lokalt, men er avhengig av regional og sentral prioritering. Ein viktig faktor bedriftene opplever som mangelfull er nettverk i lokalt næringsliv. Dette kan vi gjere noko med både lokalt og regionalt! Attraktive Møre og Romsdal?I tillegg er tilgangen på arbeidskraft og kompetanse ein kritisk faktor. Dette er ikkje unikt for Møre og Romsdal! Korleis kan vi styrke vår posisjon i denne konkurransen? Om vi vil nok, kan vi påverke dette gjennom mange ulike tiltak.  Utfordringa er å gå frå korte aksjonsretta tiltak (brannslokking) til ein varig struktur som styrker og markerer Møre og Romsdal som ein attraktiv region for trivsel og verdiskaping. Det blir her ekstremt viktig å løfte i flokk og at alle kjenner si rolle og er bevisst sitt ansvar for å få dette til. Små kommunar – fornøgde bedrifter!?Næringslivet ønskjer tettare kontakt med kommunen. ”Vi kunne ha tenkt oss eit klapp på skuldra av og til, slik at vi veit at kommunen set pris på å ha oss her”, er eit innspel frå ei av bedriftene. Auka forståing for næringslivet sine behov, blir løfta fram som det viktigaste av åtte ulike forbetringsområde for kommunen. Eit hovudinntrykk er at små kommunar er flinkare til å følgje opp bedriftene enn større kommunar, og at kommunane på Nordmøre har meir kontakt med sine bedrifter enn i Romsdal og spesielt på Sunnmøre. 
For å lese meir, kan du laste ned heile rapporten her