Tilrettelegging og samordning av etablerarhjelp suksessfaktorar
Møre og Romsdal fylkeskommune si etablerarsatsing gjennom entreprenørskapsprogrammet hoppid.no har gitt positive verknader
gjennom betre tilrettelegging og samordning av verkemiddel for etablerarar.
I ein ny rapport frå fylkesrevisjonen blir det mellom anna vist til strategiar, prioriteringar, nytteverdi og verknader av utvalte fylkeskommunale verkemiddel som er tilgjengeleg for etablerarar. Det blir òg sett på i kva grad desse tiltaka har innverknad på overlevingsgraden til nyetableringar.
Dette kjem fram i ein rapport i frå Fylkesrevisjonen, der ein ser på om forventningane og måla til fylkeskommunen sine ulike etablerarverkemiddel er blitt innfridde.
Viktig innsatsområde
For å oppnå auka verdiskaping og sysselsetting i fylket, ønskjer fylkeskommunen å leggje tilhøva til rette for dei som vil starte opp ei ny verksemd. Etablerarutvikling har såleis dei siste åra vore eit viktig innsatsområde i verdiskapingsprogrammet, der fylkeskommunen skal vere ein sentral pådrivar, koordinator og tilretteleggjar.
Positive verknader
I rapporten frå fylkesrevisjonen blir det mellom anna vist til strategiar, prioriteringar, nytteverdi og verknader av utvalte fylkeskommunale verkemiddel som er tilgjengeleg for etablerarar. Det blir òg sett på i kva grad desse tiltaka har innverknad på overlevingsgraden til nyetableringar.
Rapporten konkluderer mellom anna med at etablerarsatsinga synest å ha gitt positive verknader, gjennom sterkare fokus på oppstart av verksemder, rettleiing av gode prosjekt, nettverk/støttespelarar og orientering i eit meir samordna verkemiddelapparat.
Derimot er det for tidleg å trekkje endelege konklusjonar når det gjeld resultata i samband med etableringsveksten dei siste åra. Dels som følgje av at det er eit felt som er vanskeleg å måle, fleire faktorar spelar inn, men òg av mangel på data.
Etablerarar er inga einsarta gruppe, men representerer eit mangfald av variasjonar, både av type verksemd og personar bak etableringa. Det er dermed mange ulike faktorar som påverkar om ei etablering skal lukkast.
Målbar effekt
Regional- og næringssjef i Møre og Romsdal, Bergljot Landstad, bekreftar i ei fråsegn at fleire målbare effektindikatorar knytt til etablerarsatsinga er noko som regional- og næringsavdelinga vil ha eit auka fokus på i arbeidet framover.
skal behandlast i kontrollutvalsmøte 25. mai 2011.
Kontaktpersonar:
Leiar i kontrollutvalet, Håvard Jostein Kongshaug: mob: 95 12 82 65
Kontrollsjef Hans Blø: tlf: 71 25 86 19, mob: 41 12 68 08
Regional- og næringssjef Bergljot Landstad: tlf: 71 25 81 71, mob: 90 08 92 13
Rådgivar Eivind Vartdal Ryste: tlf: 71 25 80 23, mob: 909 92 406
Oppdatert: 06.12.11
