Frå kilometertakst til sonetakst
-For å få eit samordna billetteringssystem på kollektivreiser i fylket, vil vi i løpet av første halvdel av 2012 innføre sonetakst på alle bussar i Møre og Romsdal, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel
Møre og Romsdal har store utfordringar når det gjeld å innordne eit tenleg, godt og berekraftig samferdselstilbod. For å skape eit attraktivt fylke, er det viktig med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar. Dersom Møre og Romsdal ikkje skal tape i kampen om arbeidskrafta og dersom næringslivet i fylket skal vere konkurransedyktig også i framtida, er det naudsynt med eit effektivt transportsystem.
-For å få eit samordna billetteringssystem på kollektivreiser i fylket, vil vi i løpet av første halvdel av 2012 innføre sonetakst på alle bussar i Møre og Romsdal, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
I løpet av de neste årene skal en rekke statlige og fylkeskommunale ferje- og hurtigbåtkaier i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag oppgraderes, bygges om eller det skal bygges nye kaier. Statens vegvesen Region midt er godt i gang.
Det nye Kollektivkortet er no i ferd med å bli implementert i Møre og Romsdal. I tillegg til at kortet erstattar det tradisjonelle ungdomskortet, miljøkortet og periodekortet, er Kollektivkortet også eit rabattkort for enkeltreiser.
I samband med overgangen av busseselskap frå Nettbuss til Fjord1 Buss Møre, har det vore etterlyst rutetider på flybussen til Ålesund Lufthavn på internett. Rutetider til flybussen finn ein på Trafikanten i Møre og Romsdal si nettside www.177mr.no. Her finn ein rutetider og informasjon om buss-, ferje- og hurtigbåttilbodet i fylket.
Den einaste endringa passasjerane vil merke er bussar med ny logo og eit nytt billettsystem – kollektivkortet.
Garnes-prosjektet gir nye moglegheiter for kollektivtrafikken på Søre Sunnmøre med en vesentlig høgare frekvens og korrespondanser når prosjektet er ferdigstilt. Bygging av bussoppstillingsplass og ombygging av T-kryss til rundkjøring er fullfinansiert. Møre og Romsdal fylkeskommune har i investeringsbudsjettet løyvd kr. 10 mill. I 2012 og kr. 5 mill. I 2013. I tillegg har Møre og Romsdal fylkeskommune fått tilsagn på BRA-midlar frå Statens vegvesen kr. 6,6 mill. for 2012
Stortinget godkjente førehandsinnkrevjing av bompengar til fv. 659 Nordøyvegen i handsaminga av statsbudsjettet for neste år. [13.12.2011]
Samferdselsutvalet skal ha møte 20. desember 2011
Møterom 700 kl. 11:15
Sakene vert lagt ut 13. desember 2011
Bendik Bekken Sandøy frå Molde sitt bilete “Usynleg”, vart kåra til vinnarbilete i Møre og Romsdal fylkeskommune sin fotokonkurranse “Ung i trafikken”.
Møre og Romsdal fylkeskommune si samferdselskonferanse 2011 vart avvikla i Ålesund 10- 11. november i Ålesund. Deltakarane fekk mellom anna innsikt i ei eit gryande skifte - eit "fossilparadigme" der overgong frå fossile brennstoff til alternative teknologiar veks fram i transportsektoren.