Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samferdsel

Den første hurtigbåten til FRAM er døypt

I dag vart den nye hurtigbåten M/S Godøy døypt. Dette er den første av fleire nye hurtigbåtar, som frå nyttår skal trafikkere hurtigbåtrutene i fylket.

Les meir

Endring på ferjeruta mellom Stranda-Liabygda laurdag 26. og søndag 27. november

På grunn av arbeidet med ferjekaia på Liabygda laurdag 26. og søndag 27. november, vil ferjerute 14 Stranda-Liabygda, køyre frå Stranda til Linge desse to dagane. 

Les meir

Valldal-Sjøholt: Linje 210 avgang 14.50 frå Valldal og 16.00 frå Sjøholt stoppar ikkje på Liabygda ferjekai

I samband med arbeid på Liabygda ferjekai, blir det endring i to avganger på linje 210 frå i dag, 15. november.

Les meir

Hareid: Sterk auke i kollektivreiser

FRAM opplever ei sterk auke i talet på reisande med buss til og frå Hareid. Samanlikna med i fjor har FRAM sine linjer 310 Åheim-Årvik-Garnes-Hareid og linje 330 Fosnavåg – Hareid, hatt ei samla trafikkauke på om lag 5,5 %. Dette tilsvarar i overkant av 5000 nye reiser. Alle tal er per september.

Les meir

Godkjente søknaden om ein samla drosjesentral for Volda og Ørsta

Samferdselssjef Arild Fuglseth har godkjent at det blir starta eit arbeid med å opprette ein samla drosjesentral for Volda og Ørsta kommune.

Les meir

Informasjonsmøte om utbetring av Godøytunnelen

Onsdag 16. november blir det informasjonsmøte om utbetring av Godøytunnelen. Det er Statens vegvesen, Møre og Romsdal fylkeskommune og Giske kommune som inviterer til møtet. 

Les meir

Synfaring av nye hurtigbåtar ved Brødrene Aa i Hyen

Torsdag 3. november 2016 var representantar frå Rådet for likestilling av funksjonshemmma og representantar frå samferdselsavdelinga på besøk ved verftet kor tre av dei totalt fem nye hurtigbåtbåtane blir bygd i samband med det nye hurtigbåtanbodet til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Nye hurtigbåt- og bussruter i Vestnes frå neste år

Frå 1. januar 2017 blir det nye ruter for hurtigbåt og buss i Vestnes kommune. Dette skjer i samband med ny anbodskontrakt. – Vi har no fått til ei meir samordna planlegging av rutene, både for buss og hurtigbåt. Dette vil bli ein fordel for passasjerane, seier Kristine Vikhagen rådgivar i samferdselsavdelinga. 

Les meir

Glomstuvegen i Molde er opna for normal trafikk igjen

Fredag 28. oktober opna Glomstuvegen i Molde på strekninga mellom vegkrysset Ingebriktvegen og vegkrysset Strandheimvegen for normal trafikk igjen etter å ha vore stengd for vegarbeid.

Les meir

Omkøyring for FRAM Ekspress rute 902 den første helga i november

I perioden fredag 04. nov. kl. 20 til søndag 06. nov. kl. 20 blir det omkøyring for bussane til FRAM Ekspress rute 902 (Mørelinjen) til og frå Molde og Trondheim gjennom Sunndalsøra.

Les meir

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 28 02 79 /
Mob. 913 78 582
Send e-post

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune er største vegeigar i fylket og har ansvar for å planlegge tiltak, utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Fylkeskommunen har også ansvar for buss, hurtigbåt og ferje i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM.

Gjennom samferdselsarbeidet ønsker fylkeskommunen å bidra til å skape eit attraktivt fylke, med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar.

Kollektivtilbodet

Reisekort

Handlingsplan samferdsel 2013-2022

Handlingsprogram for samferdsel 2017

Snarvegar