Kontrakt om fylkesvegferjesamband til 552 millionar
Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Torghatten Nord AS om drift av tre fylkesvegferjesamband. Kontrakten har ein samla verdi på 552, 874 millionar kroner.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Ferje
Både innbyggarar og næringsliv i Møre og Romsdal er avhengige av eit godt fungerande ferjetilbod. Dei mange ferjeavløysingsprosjekta som har vorte gjennomførte har gjort situasjonen noko enklare for dei reisande, men det er framleis mange fjordkryssingar som må gjerast med båt eller ferje. Målet er eit ferjetilbod vi kan leve med i dag og som gir grunnlag for vidare vekst og virke i fylket vårt.
Etter regionreforma som vart sett i verk frå 01 01 2010 har Møre og Romsdal fylkeskommune fått ansvaret for 22 av 26 ferjesamband. Oversikten syner alle sambanda i fylket med tilhøyrande opplysningar om operatør og type kontrakt (anbod eller forhandla rammetilskotsavtale (RT)).
Oversynet viser at det er til saman 9 fylkesvegferjeruter som er på anbodskontrakt og 11 blir direkte forhandla med Fjord1 MRF for 2010. Til høgre på sida er eit dokument som viser ei oversikt over ferjesambanda i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Torghatten Nord AS om drift av tre fylkesvegferjesamband. Kontrakten har ein samla verdi på 552, 874 millionar kroner.
Sambanda knytt til Nordøyane blir for første gong samla i ein kontrakt. Fjord 1 AS og Norled AS konkurrerer om kontrakten som startar 1. januar 2014.