Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesveg

Fylkesveg

Fylkeskommunen er største vegeigar i Møre og Romsdal, med ansvar for over 3100 kilometer fylkesveg.

Statens vegvesen er felles vegadministrasjon for staten og fylkeskommunen og syter for den daglege drifta og for prosjektplanlegging på vegnettet.

Fylkeskommunen utarbeider strategiar, langsiktige planer og sett den økonomiske ramma som Statens vegvesen må jobbe etter på fylkesveg.

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal er berekna å vere omlag 5,6 milliardar kroner. I 2012 brukte vi 431 millionar kroner på drift og vedlikehald, og 485 millionar kroner til investeringar.

Investeringsprogrammet for fylkesveg er utarbeidd på grunnlag av innspel frå kommunar, Statens vegvesen og andre aktørar. Programmet gjeld i ein tiårs-periode, og gjev føringar for når fylkesvegprosjekta skal realiserast. Investeringsprogrammet er delt inn i programområder, som mindre utbetringar, gang- og sykkelveg, trafikktrygging osb.

Kart over samferdslesystemet i fylket.

Samferdselsystemet i Møre og Romsdal

 

Ansvarleg sakshandsamar infrastruktur geografisk fordeling:


Vil påverke samferdselsprosjekta

Ungdom i Midt-Noreg vil ha meir medverknad på samferdselsprosjekt. No utfordrar dei politikarar og fagmyndigheter til dialog.

Les meir

Etterslep på fylkesvegnettet har auka til 5,6 milliardar kroner

Da Møre og Romsdal fylkeskommune overtok ansvaret for vegnettet i 2010 var kostnadane knytt til forfall på vegane berekna til om lag 700 millionar kroner. Ei ny kartlegging Statens vegvesen har utført på oppdrag frå fylkeskommunane viser at forfallet i Møre og Romsdal er på 5,6 milliardar kroner. Da er kostnader knytt til forfall og utbetring av tunnellar, bruer og kaier rekna inn.

Les meir

- For dyrt for fylkeskommunen

Nordøyveg-prosjektet blir for dyrt for fylkeskommunen, meiner fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Ferske tal syner at ei realisering av prosjektet vil koste fylkeskommunen 3.4 milliarder kroner i netto driftskostnader.

Les meir

Hugs samferdselskonferansen

Torsdag og fredag kan du møte statssekretærar, trendspanarar, leiarar, ingeniørar og Jan Erik Larsen for å få vite litt meir om kva som rører seg i samferdselsektoren.

Les meir

Første steg mot rassikker fv. 60 opna

17. juni tek trafikantane i bruk heile første byggesteget i rassikringa av fv. 60 mellom Røyr og Hellesylt.

Les meir

Kontaktpersonar

Lage Lyche Lage Lyche
Seksjonsleiar - infrastruktur
71 25 87 02 /
Mob. 934 93 402
Send e-post
Maria Bolstad Dale Maria Bolstad Dale
Rådgivar
71 25 86 77
Send e-post
Jonas Solheim Jonas Solheim
Rådgiver
71 25 87 63
Send e-post
Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Rådgivar
71 25 86 72 /
Mob. 916 07 588
Send e-post
Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 25 81 84 /
Mob. 404 68 389
Send e-post