Møre og Romsdal fylkeskommune som ny vegeigar. Kva inneber det, og kva for konsekvensar får det.
Sjå nedanfor
Men gjer det nokon forskjell om det er staten eller fylka som eig vegane og styrer samferdselsutviklinga ? JA det gjer det, her kjem nokre døme på kva Fylkestinget har vedteke for Møre og Romsdal dei neste fire åra:
- Etterslepet på drift og vedlikehald på ”nye” fylkesvegar er stoppa med det vedtekne budsjettet. Som følgje av for liten vedlikehaldsinnsats på det ”nye” fylkesvegnettet frå staten si side gjennom mange år, har det oppstått eit etterslep på drift og vedlikehald berekna til om lag 700 mill. kr. Auking i dette etterslepet er no stoppa med det vedtekne drifts- og vedlikehaldsbudsjettet som ligg i Handlingsprogrammet for ”nye ” fylkesvegar 2010 – 2013
- Ramma til investeringar på gang- og sykkelvegar er auka med mellom 5 og 600 prosent. I absolutte tal er det snakk om ein auke frå eit gjennomsnitt siste åra på 4,6 mill. pr. år til 35 mill. kr i 2010, og 25 mill. kr per år i åra 2011 – 2013. Dette er tiltak som er svært viktige for det enkelte lokalsamfunn. Det gir tryggare skuleveg, kan medverke til god helse, og miljøvinstar. Dette er og ein liten del av mange faktor som kan medverke til auka bulyst og tilflytting.
- Det er sett av 10 mill. kr i året i planperioden 2010 – 2013 til tiltak for universell utforming og kollektivtiltak Dette skal nyttast til nye, samt oppgradering av eksisterande haldeplassar og terminalar/ snøggbåtkaier. Arbeidet vil starte med ein kartlegging av status og utfrodringar på desse punkta i samferdsels-infrastrukturen. Dette vil medverke til å oppfylle krava i den nye lova ”om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne”.
- Eit høgt investeringsnivå er oppretthalde slik at det er funne plass til finansiering av Nordøyvegen. Dette har ein oppnådd ved at Fylkestinget har godkjent store låneopptak for å oppretthalde eit høgt investeringsnivå på veg i fylket. Gjennom låneopptak er det funne plass til å kome i gang med Nordøyvegen i løpet av planperioden 2010 – 2013.
Publisert: 07.04.10
Oppdatert: 07.04.10
Oppdatert: 07.04.10