Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Trygt heim for ein 50-lapp

Trygt heim for ein 50-lapp

"Trygt heim for ein 50-lapp" er ei ordning retta mot ungdom - ei gruppe som er spesielt utsett for trafikkulykker, og særleg helgeulykker i samband med bruk av bil.

Fylkestinget i Møre og Romsdal innførte ordninga med eit ønske om å få til ein reduksjon i talet på trafikkulykker der ungdom er involvert.

Målsettinga med ordninga

  1. Trafikktryggleik – få ungdom heim på kveld og nattetid i helgene på ein trygg og god måte.
  2. Gi ungdom i distrikta eit transporttilbod lik det ungdom i byane har.
  3. Gi ungdom gode vaner for bruk av kollektivtransport.

Slik fungerer ordninga

"Trygt heim for ein 50-lapp" er ei ordning som blir utført med drosje, men som blir køyrd som ei bussrute. Sjølv om turane blir køyrd etter ein fast trasé, har ordninga likevel ein viss fleksibilitet. Drosja kan køyre avstikkarar frå den oppsette ruta på inntil 3 kilometer, utan at passasjeren treng å betale noko ekstra. For avstikkarar frå ruta ut over 3 kilometer, betaler passasjeren ordinær drosjetakst.

  • "Trygt heim for ein 50-lapp" må du bestille på førehand.
  • Bestillingsfristen kan variere mellom dei ulike kommunane.
  • Turane blir køyrde til faste tider, men berre om nokon har bestilt.
  • Turar bestillast hos dei lokale drosjesentralane.
  • Ordninga gjeld for ungdom til og med fylte 25 år.
  • Pris per tur er kr. 50.

Informasjon om ruter og bestilling

I alt 28 kommunar i Møre og Romsdal har i dag ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp". 

Oversikt over kommuner som har innført ordninga, køyretider, ruteoversikt og telefonnummer for bestilling finn du i menyen til høgre, i dokumentet «Ruter og bestillingsinfo – Trygt heim». Her finn du og ei oversikt over trafikkutviklinga for ordninga.

Kontaktpersonar

Geir Olsen Geir Olsen
Rådgivar
71 28 02 66
Send e-post

Dokument

Ruter og bestillingsinfo - Trygt heim
PDF-dokument - 209,14 kB
Trygt heim - trafikkutvikling 2005-2016
PDF-dokument - 168,93 kB