Båtruter
Samferdselsavdelinga har ansvaret for hurtigbåtruter og mindre lokale båtruter i fylket. Det er inngått avtale med Tide Sjø AS og Partrederiet Kystekspressen ANS for hurtigbåtsambanda.
Hurtigbåtruter i Møre og Romsdal
Tide Sjø AS driv desse 4 hurtigbåtrutene innan fylket:
- Hareid – Valderøya – Ålesund
- Langevåg – Ålesund
- Ålesund – Valderøya – Hamnsund – Lepsøy – Haramsøy – Fjørtoft – Harøya
- Molde – Helland– Vikebukt
Alle desse sambanda inngår i 6 års anbodskontrakt med Tide Sjø AS frå 1. januar 2009.
Kystekspressen mellom Møre og Romsdal og Sør Trøndelag
- Kristiansund – Edøy/Smøla–Kjørsvikbugen/Tjeldbergodden–Sandstad/Hitra –Brekstad/Ørland –Trondheim.
Ruta blir driven av Partrederiet Kystekspressen ANS som er eigd av Fosen Namsos Sjø AS (51 %) og Fjord1 MRF (49 %). Sør-Trøndelag fylkeskommune og Møre og Romsdal fylke er oppdragsgjevarar for ruta med 50 % kvar. Kystekspressen starta i 1994 etter vedtak i begge fylkestinga.
Mindre lokale båtruter
Møre og Romsdal fylkeskommune yter i dag tilskot til i alt seks mindre lokale båtruter. Rutene er i hovudsak oppretta ut i frå kravet om lovpålagt skoleskyss og beredskap/rasfare. I tillegg blir det ytt tilskot til Sundbåten i Kristiansund.