Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Buss

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver kvart år midlar til bilrutedrift, og det er viktig at desse midla blir nytta så effektivt som mogleg – og kjem flest mogleg av innbyggjarane til gode i form av eit effektivt kollektivtilbod. Målet med kollektivtransporten i fylket kan delast inn i fire delmål.

By og bynære område
Utfordringar i samband med transport i by kjem som følge av press på areal og høy befolkningstettleik. Dette gjeld i hovudsak for dei tre største byane: Ålesund, Molde og Kristiansund. Buss skal være eit miljømessig og prismessig konkurransedyktig alternativ til privatbilismen. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å gje eit tilfredsstillande tilbod til så mange som mogleg. Busstilbodet skal planleggast med tanke på korrespondanse med andre transportmiddel, der dette er naturleg.

Distrikta
Møre og Romsdal er eit distriktsfylke kor busetjinga er svært spreidd og ein stor del av til dømes industrien er lokalisert i distrikta. Den spreidde busetjinga i distrikta gir store utfordringar når det gjeld organisering av eit godt transporttilbod. Når talet på innbyggjarar ikkje tillet høgfrekvent kollektivtransport, må tilbodet organiserast på alternative måtar tilpassa behova i desse områda. Utfordringa er å samle den spreidde etterspurnaden og samordne dei offentleg betalte transportane som til dømes skoleskyss og sjuketransport.

Mellom regionane
TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund er definert som stamruta mellom regionane i fylket. TIMEkspressen med tilbringarruter skal gje eit effektivt kollektivtilbod, som er konkurransdyktig både miljømessig og økonomisk, sett opp mot bruk av privatbil.På stader der det ikkje er tilgang til TIMEekspressen, er det eit mål at distriktsrutene skal korrespondere med TIMEekspressen.

Inn og ut av fylket
Ekspressbusstilbodet til/frå fylket er eit alternativ til privatbil, og eit supplement til fly- og togtilboda. Ekspressbusstilbodet gir samband mellom byer/bygder i Møre og Romsdal og andre større byar og landsdelar i Noreg. Ekspressbusstilbodet er tilpassa marknaden, og blir drive kommersielt.


Kjøp av busstransport – Ålesundsområdet.

Som tidligare annonsert skal Møre og Romsdal fylkeskommune i løpet av hausten 2010 ut med første anbodspakke på kjøp av busstransport i Ålesundsområdet.

Les meir

Legg ut busstransport på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ferd med å klargjere dei første anbodspakkane for kjøp av busstransport. Aller først ut er Ålesundsområdet.

Les meir

Anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har avtale med Nettbuss Møre ut 2010, og samferdselsavdelinga arbeider med å legge deler av selskapet sin produksjon ut på anbod med oppstart i løpet av 2011.  For restproduksjonen må fylkeskommunen syte for avtale med selskapet om vidare drift.

Les meir

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 25 86 79 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Rolf Bjarne Stavik Rolf Bjarne Stavik
Rådgivar
71 25 87 49 /
Mob. 911 70 041
Send e-post

Ruteinformasjon