Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Løyver

Samferdselsavdelinga har ansvaret for tildeling av løyve etter Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Ønskjer du rask behandling av søknaden?  Husk då å leggje ved alle attestar i original eller som bekrefta kopiar.

Sakshandsamingstida på søknader om løyve vil vere frå to til tre veker.

Ved søknad om løyve (ikkje ruteløyve) skal det leggjast fram ein løyvegaranti frå bank eller forsikringsselskap.  Etter yrkestransportforskrifta §7, første ledd, skal kroneverdien av euro som gjeld for garantisum for løyve fastsetjast kvart femte år.
Søkjar av løyve skal stille garanti på 9000 euro for det første løyvet og 5000 euro for løyver ut over dette.
Kursen på 1 euro kunngjort i Tidende frå Den europeiske unionen (Official Journal of the European Union) per 1. oktober 2009 er 8,4455 kr.
I perioden frå 1. januar 2010 til 31. desember 2014 er garantisummen etter avrunding sett til 77 000 kr for det første løyvet og 43 000 kr for dei påfølgjande løyver i kvar løyvekategori.
Det skal ikkje gjerast endringar i eksisterande garantiar. Det er likevel slik at endring/utviding/redusering av garantiar etter 1. januar 2010 medfører at alle garantiar skal endrast til gjeldande beløp.