Drosjeløyve
Drosjeløyve, herunder reservedrosjeløyve, løyve som gir innehaveren rett og plikt til å drive transport utenfor rute med motorvogn registerert for høyst åtte sitteplasser i tillegg til førersetet. I særlige tilfelle kan løyvemyndigheten gi tillatelse til å drive drosjetransport med motorvogn registrert for høyst 16 sitteplasser i tillegg til førersetet.
Etter Samferdselsdepartementet si Forskrift om yrkestransport med motorvogn innen-lands med motorvogn eller fartøy §4 (yrkestransportforskrifta), gjeld følgjande generelle vilkår for å kunne få tildelt løyve: a) god vandel, b) tilfredsstillande økonomisk evne og c) tilstrekkjeleg fagleg kompetanse. Nærare sagt gjeld dette:
•Politiattest, §6 i forskrifta.
•Garantierklæring (kr 77 000,-) frå bank, §7 i forskrifta.
•Fagleg kompetanse gjennom vitnemål frå eksamen frå ein av departementet godkjente teoretisk opplæring, eller er tildelt drosjeløyve, §8 i forskrifta.
Ved søknad om drosjeløyve, skal søknaden vere vedlagt politiattest, tilsegn om garantierklæring på kr 77 000,-, attest frå kommunekasserar, skattefuten i Møre og Romsdal og stadfesting frå konkursregisteret. Attestane skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Det er først når vedtak om tildeling av drosjeløyve er gjort, at løyvehavar skal leggje fram garantierklæring. Vedtaket blir gjort under føresetnad av at vedkomande kan leggje fram slik garantierklæring innan ein bestemt frist. Denne fristen blir nærare fastsett etter at klagefristen er gått ut, slik at eventuell(e) klage(r) er avgjort.
Etter den nye forskrifta blir det ikkje lenger gjeve eitt års ansiennitet for det teoretiske kurset for drosjeløyve, når dette no vert gjort obligatorisk. Departementet legg til grunn at alle som har avlagt det såkalla taxiløyvekurset før 1. april 2003, vil få medrekna eitt års ekstra ansiennitet ved framtidige tildelingar av drosjeløyve. Dei som har avlagt kurset i den tidlegare forma, har oppfylt utdanningskravet også i høve til framtidige løyvetildelingar.
Søkere med løyveutdanning for person- og godstransport basert på VK I transportfag etter 1. august 2002 er fagleg kvalifisert for alle løyvekategoriar. Taxiløyvekurset er godkjent løyveutdanning for drosje, selskapsvogn og transport for funksjonshemma.
Dersom ikkje særlege grunnar talar mot at vedkomande får løyve, har søkjar med minst 2 års ansiennitet som full tids drosjesjåfør førerett til løyve som blir ledig ved at ein løyvehavar døyr eller sluttar med drosjedrifta. Løyvedistrikta (kommune) er etter 1. januar 2004 blitt samanslegne til eit felles løyvedistrikt for heile fylket.
Søkjar som har praksis som drosjeførar skal leggje ved attestar som syner den nøyaktige køyretida søkjaren har hatt. Attestane må gje opplysningar om sjåføren har køyrt på full tid eller på deltid. Dette må i tilfelle spesifiserast nøyaktig. Der det blir nytta ansiennitetsbok må denne leggjast ved.
Det er løyvehavaren (drosjeeigaren) De har køyrt for som til vanleg skriv ut slik attest. Men i mange saker oppstår det gjerne strid om kor lenge ein søkjar har vore drosjeførar på full tid. I saker der praksisen kan vere uklår, vil det vere ein føremon om det blir lagt ved kopi av sjølvmeldinga for vedkomande år (eller inntektssida i sjølvmeldinga).
Sjølvmeldinga vil då syne kva inntekter De har hatt som drosjesjåfør og eventuelt kva inntekter De har hatt i anna arbeid. Det må også opplysast om drosjekøyringa har vore nokolunde regelbunden, slik at den eventuelt kan seiast å ha vore på full tid.
Dersom ingen søkjar kan dokumentere praksis som gjev førerett til løyve, blir løyvet å tildele etter samferdselsdirektøren sitt skjøn. Ved skjønsutøvinga kan det m a bli lagt vekt på praksis frå drosjeyrket, praksis frå anna transportverksemd, fråsegn frå kommunen, organisasjonar og andre relevante moment.
Gjeld søknaden løyve som skal utøvast frå bustad, må søknaden (eller vedlegg til denne) gje nøyaktige opplysningar om kvar De er busett. Dersom De skal kunne tildelast det ledige løyvet, må De vere busett på den staden eller i det området som går fram av utlysinga av løyvet. Eventuelt må De vere viljug til å flytte dit.
Etter §45 i den nye forskrifta skal den som blir tildelt drosjeløyve som hovudregel ikkje ha anna hovuderverv eller heildagsstilling. Berre ved særlege grunnar kan samferdselsdirektøren - etter søknad - gje samtykkje til at drosjeyrket kan kombinerast med anna hovuderverv eller heildagsstilling.
Ansiennitet som drosjesjåfør på heiltid blir å rekne fram til søknadsdato for det ledige løyvet.
Dei generelle vilkåra for å få tildelt drosjeløyve må vere oppfylt innan søknadsfristen. Dersom ingen av søkjarar oppfyller dei faglege kvalifikasjonane, dvs godkjent teoretisk opplæring gjennom til dømes Taxiløyvekurset eller godkjent realkompetanse, kan Vegdirektoratet etter søknad eventuelt kunne gje vedkomande som blir tildelt løyve utsett frist med å gjennomføre eit godkjent kurs. For innehavar av drosjeløyve gjeld ikkje kravet til dei faglege kvalifikasjonane, jfr §8 i yrkestransportforskrifta.