Turvognløyve
Krava for løyvetildeling går fram av §§ 4, 6, 7 og 8 jfr. §10 (for selskap) i forskrifta.
NB! I perioden frå 1. januar 2010 til 31. desember 2014 er garantisummen etter avrunding sett til 77 000 kr for det første løyvet og 43 000 kr for dei påfølgjande løyver i kvar løyvekategori. Det skal ikkje gjerast endringar i eksisterande garantiar. Det er likevel slik at alle garantiar som blir endra etter 1. januar 2010 må endre til gjeldande beløp.
Sakshandsamingstida på søknader om løyve vil vere frå to til tre veker.