Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Alt klart for Langfjordtunnelen

Alt klart for Langfjordtunnelen

Reguleringsplanarbeidet i samband med Langfjordtunnelen kan starte opp med ein gong, meiner samferdselssjefen i Møre og Romsdal, som viser til at prosjektet er sjølvfinansierande. 

I tilrådinga til samferdselsutvalet i fylket foreslår samferdselssjefen at fylkespolitikarane godkjenner reguleringsplanarbeidet, slik at det kan kome raskt i gang.

Samferdselssjefen viser til trafikkanalysen for sambandet som vart gjennomført hausten 2011, og som viste ei trafikk- og inntektsprognose som tyder på at prosjektet vil vere sjølvfinansierande.

Trafikkprognosen er ein sentral premiss i finansieringsanalysen for sambandet, som viser eit finansieringsbehov på 1,65 mrd. kroner. Det er rekna inn ein trafikkvekst frå ferje til fast samband på 44 prosent, og då legg ein til grunn lågare vekst enn ved andre ferjeavløysingsprosjekt i fylket dei seinare åra.

Usikkerheita i kostnadsoverslaget for Langfjordtunnelen er i dag på +/-40%, men vil falle til +/-10% når godkjent reguleringsplan ligg føre. Det er først då finansieringsanalysen er godt nok grunnlag for bompengesøknad, skriv samferdselssjefen i innstillinga.

Han viser også til at førehandskrevjinga av bompengar på ferjene truleg vil starte i 2014 og at satsen vil liggje om lag 40% over dagens ferjetakst.

Samferdselsutvalet skal behandle saka i møte 25. april, og den skal opp til endeleg avgjerd i fylkestinget i juni.

Kontaktperson: Lage Lyche, seksjonsleiar infrastrukur, mobil: 934 93 402

Les meir:
RV 64 langfjordtunnelen 

Konsekvensutredning fv. 64 Langfjordtunnelen

Langfjordtunnelen

Kontaktpersonar

Lage Lyche Lage Lyche
Seksjonsleiar - infrastruktur
71 25 87 02 /
Mob. 934 93 402
Send e-post