Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Endringar for avgangane til nattbussen i Kristiansund

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Christoffer Fatland Lie
Rådgivar (marknad)
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

Endringar for avgangane til nattbussen i Kristiansund

Natt til søndag 9. juli blir det endringar på avgangane til nattbussen i Kristiansund. – Dette blir gjort som eit forsøk for å auke bruken av rute 810, seier rådgivar Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Terje Aamodt

Nattavgangane vil køyre med to avgangar frå trafikkterminalen natt til søndag: klokka 00.30 og 01.50. I tillegg vil det vere ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00.  Her er det ein eigen stopp for nattbussen.

–På avgangen klokka 03.00, vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov, seier Kvalheim.

Billetten for nattbussen kostar 50 kroner mellom Kristiansund sentrum-Rensvik, og 70 kroner mellom Kristiansund sentrum-Frei.

Heile tilbodet for nattbussen i Kristiansund, finn du i tabellen nedanfor og på frammr.no (reiseplanleggaren og rutehefte).

Bilde av rutetabell for nattbuss i Kristiansund