Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > FRAM og Gurisentret samarbeider om transport til og frå Fru Guri av Edøy 2017

FRAM og Gurisentret samarbeider om transport til og frå Fru Guri av Edøy 2017

Gurisentret og FRAM fortsett samarbeidet frå 2016 og tilbyr felles transport og billett til førestillinga under årets Fru Guri av Edøy.

Inkludert i tilbodet er transport med ordinær rutegåande buss til Smøla, billett til førestillinga og transport tilbake til Kristiansund med hurtigbåt. Tilbodet gjeld for førestillingane torsdag, fredag og laurdag. Billettar kan du kjøpe på frammr.no/gurispelet eller på Trafikkterminalen i Kristiansund. Du betaler ordinær takst for transporten og får om lag 30 % rabatt på førestillinga.

Tilbodet vart godt motteke i fjor og brukt av fleire enn forventa. Derfor er tilbodet ytterlegare spissa i år. Retur frå Smøla blir med hurtigbåt, slik at den totale reisetida blir vesentleg redusert. Båten har kapasitet til 225 passasjerar og er tilgjengelig for alle, men kundar med forhandskjøpt billett får gå om bord først og er dermed sikra plass.

Dette er eit tilbod som passar for alle aldersgrupper. Kundar får ein felles billett som inneheld transport til Edøya, kølaus inngang til amfiet, dei beste plassane og transport tilbake til Kristiansund. Kundar vil også få utdelt egne FRAM sitteunderlag på Smøla slik at ein sit behageleg. Det vil være ein eigen ledsagar på plass for å følge FRAMkundane både ved ankomst og avgang frå Edøya.

Korrelasjonen mellom kultur og kollektiv er tydleg. For samferdselsavdelinga og FRAM er kultursegmentet ein marknad med mykje potensial. Avdelinga har derfor i år oppretta dialog med alle dei fire spela i fylket vårt for å sjå på kva for moglegheiter som er tilgjengeleg for ytterlegare tilpassingar i 2018.

 

Tidtabell:

  Torsdag og fredag Laurdag
Frå Kristiansund rutebilstasjon 12:30  busslinje 821 15.20  busslinje 821 13.35  busslinje 821
Til Sandvika ferjekai 13.45 16.37 14.45
Frå Sandvika ferjekai 13.45  ferje 16.45  ferje 14.45  ferje
Til Edøy ferjekai 14.05 17.05 15.05
Førestillinga startar Gurisentret 18.00 18.00 16.00
Førestillinga Gurisentret 19.55 19.55 17.55
Frå Edøy hurtigbåtkai Edøy hurtigbåtkai 21.15  hurtigbåt 21.15  hurtigbåt 18.50  hurtigbåt
Til Kristiansund hurtigbåtkai Kristiansund hurtigbåtkai 21.55 21.15 19.40