Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > FRAM tek over hurtigbåtrutene frå Hareid, Langevåg og Nordøyane

Kontaktpersonar

Benedicte Bjerkvik Benedicte Bjerkvik
Rådgivar
71 28 02 52 /
Mob. 996 98 006
Send e-post
Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Rådgivar drift
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post

FRAM tek over hurtigbåtrutene frå Hareid, Langevåg og Nordøyane

Frå og med søndag 1. januar 2017 tek FRAM over hurtigbåtrutene mellom Hareid-Valderøya-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Ålesund-Valderøya-Nordøyane.

FRAM hurtigbåt

For Langevåg-ruta blir det eit betre tilbod med korrespondansar mellom bussen og hurtigbåten, og med bussavgangar til alle hurtigbåtavgangane til og frå Langevåg.

Hurtigbåtavgangane som til no berre har køyrt tysdag og torsdag, vil frå 1. januar køyre alle kvardagar. I tillegg er det lagt inn ein ekstra avgang på laurdag.

Små endringar på Hareid- og Nordøyaneruta

Det er ingen store endringar på Hareid-ruta, berre nokon små justeringar i ruteheftet.

Nordøyane-ruta har også nokon små justeringar, den største forskjellen er at på enkelte avgangar vil hurtigbåten køyre til Fjørtoft på veg til Harøya og ikkje mot Ålesund.

Nye rutehefte frå 1. januar

Det er blitt laga eigne rutehefter som gjeld frå 1. januar, dei blir tilgjengeleg på frammr.no, i bussane og om bord i hurtigbåtane.