Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > FRAM utvidar nattbusstilbodet under Moldejazz

Kontaktpersonar

Kristine Vikhagen Kristine Vikhagen
Rådgivar
71 28 02 54 /
Mob. 917 45 487
Send e-post
Christoffer Fatland Lie
Rådgivar (marknad)
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

FRAM utvidar nattbusstilbodet under Moldejazz

Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kollektivtilbodet FRAM, set inn ekstra avgangar for nattbussen ved Moldejazz 2017. Det blir eit utvida tilbod i Molde, Fræna, Eide og Aukra denne veka.

Foto: Terje Aamodt

- For å ha eit tilbod med nattbussane og ekstraavgangar som innbyggarane er kjende med, har vi valt å vidareføre avgangane som Atlantic Auto, Eide Auto og Aukra Auto køyrde tidlegare. I tillegg til det Veøy køyrde ut mot Skåla, seier rådgivar Kristine Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleire ruter

Som sist år vil det vere nattbussavgangar i Molde med rutene 701 til Årølia/Djupdalen, 702 frå Hatlelia og 714 til Hjelset/Kleive. I tillegg kjem no nattrutene 421 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad ved behov, 561 til Jendem og Hollingsholm/Aukra, og 531 til Nye Malmeskiftet. – I tillegg vil det vere nokre ekstra avgangar inn til Molde på kvelden, slik at passasjerar også kjem seg til byen, seier Vikhagen.

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertar i Alexandraparken og folk i vegen, passerer ikkje nattbussen Quality Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Ta nattbussen

- Alle rutene med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal, og vi ber om at reisande har kortet, kontantane eller billetten i FRAM-appen oppe når dei går om bord. Vi håpar på at så mange som mogleg vel å ta nattbussen, det er viktig for at vi kan gjenta tilbodet ved jazzen i 2018, seier Vikhagen.

For rutetider og informasjon, sjekk frammr.no eller ring til 177.