Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > FRAM utvidar nattbusstilbodet ved Tahiti-festivalen

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Christoffer Fatland Lie
Rådgivar (marknad)
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

FRAM utvidar nattbusstilbodet ved Tahiti-festivalen

- Også i år blir det sett opp nattbuss natt til fredag, laurdag og søndag under Tahitifestivalen, seier rådgivar Frode Kvalheim ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Foto: Terje Aamodt

- Natt til fredag 30. juni vil nattbussen ha avgang frå trafikkterminalen i Kristiansund klokka 00.30 og 01.50, fortel Kvalheim.

Tre avgangar natt til laurdag og søndag

Natt til laurdag 1. juli og natt til søndag 2. juli, vil nattbussane køyre frå trafikkterminalen klokka 00.30 og 01.50. – I tillegg blir det ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00 på eit eige stopp for nattbussen, seier Kvalheim.

På avgangen klokka 03.00 natt til laurdag og natt til søndag, vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Kjøp billett ombord

- Dette er ein trygg og rimeleg måte og kome seg heim frå festivalen på. Blir nattbussen godt brukt, vil vi gjenta tilbodet igjen i 2018, seier Kvalheim.

Billetten kan dei reisande kjøpe om bord på bussen. Han kostar 50 kroner mellom Kristiansund sentrum-Rensvik, og 70 kroner mellom Kristiansund sentrum-Frei.

For rutetider og informasjon, sjå frammr.no eller ring til 177.